Hopp til innhold
X
Innhald

Nils Petter Støyva

Nils Petter Støyva. Foto: Vidar Gudvangen, NRK.

Nils Petter Støyva. Foto: Vidar Gudvangen, NRK.

Nils Petter Støyva fødd 1962, frå Blakset. Distriktssekretær i LO og politikar for Arbeidarpartiet. Han vart vald inn i Stryn kommunestyre i 1995 og var ordførar frå 1999 til 2011.

Støyva vart vald inn i fylkestinget i 2007. I 2009 vart han vald til leiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Dette vervet hadde han til 2014.

Etter at han gjekk av som ordførar i 2011 vart han tilsett som næringsutviklar i Stryn kommune. I 2014 vart han tilsett som distriktssekretær i LO i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.01.2016