Hopp til innhold
Portrett av Anne Oterholm. Foto: Pernille Marie Walvik/forlaget Oktober.
Portrett av Anne Oterholm. Foto: Pernille Marie Walvik/forlaget Oktober.
X
Innhald

Anne Oterholm

Anne Oterholm, fødd 1964, er forfattar.

Anne Oterholm, fødd 1964, er forfattar. Ho er cand.philol. ved Universitetet i Oslo med ei hovudfagsoppgåve i fransk om Marguerite Duras (1994), og ho har òg gått Skrivekunstakademiet i Hordaland (1987). Oterholm debuterte med romanen Ikke noe annet enn det du vil i 1995 og følgde opp med Avbrutt selskap (1996), Avslutningen (1999), Tilfeldigvis begjær (2001), Etter kaffen (2002), Sannheten (2004), Toget fra Ajaccio (2009) og Liljekonvallpiken (2015).

Ho har vore kritikar i Morgenbladet og Vinduet, og leiar i Den norske Forfatterforening frå 2005 til 2012. I 2010 fekk ho Aschehougprisen.

Først publisert: 19.04.2016
Sist oppdatert: 19.04.2016