Hopp til innhold
 Arnulf Øverland. Ukjend fotograf. Nasjonalbiblioteket, blds_03129.
Arnulf Øverland. Ukjend fotograf. Nasjonalbiblioteket, blds_03129.
X
Innhald

Arnulf Øverland

Arnulf Øverland, 1889–1968, var forfattar.

Arnulf Øverland var fødd 27. april 1889 i Kristiansund og døydde 25. mars 1968 i Oslo. Han skreiv fleire diktsamlingar, blant anna Den ensomme fest, som var debuten i 1911, De hundrede violiner (1912) og Brød og vin (1919).

Dei fremste samlingane hans er Berget det blå (1927) og Hustavler (1929). Han skreiv også Ord i alvor til det norske folk (1940), Vi overlever alt (1945), Sverdet bak døren (1956) og På Nebo bjerg (1962).

Tidleg i 1920-åra tok han standpunkt for den russiske revolusjonen. Han forlét kommunismen i 1937 etter moskvaprosessane. Øverland var ein glødande anti-nazist og sat i konsentrasjonsleir i perioden 1941–45.

I 1945 gjenreiste han Riksmålsforbundet og medverka til opprettinga av Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur i 1953. I 1933 vart han skulda for blasfemi, men frikjent, for føredraget «Kristendommen – den tiende landeplage».

Han gav ut ei rekkje artikkelsamlingar, blant anna Tre foredrag til offentlig forargelse (1933), Er vort sprog avskaffet? (1940), Det har ringt for annen gang (1946), I beundring og forargelse (1954) og Riksmål, landsmål og slagsmål (1956), i tillegg til skodespel, essay og noveller.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.03.2013
Sist oppdatert: 19.01.2021