Hopp til innhold
X
Innhald

Asbjørn Øverås

Asbjørn Øverås, mållagsformann og rektor.

Øverås var fødd i Eresfjord 4. april 1896 og døydde 13. oktober 1966. Han blei dr.philos. på ei avhandling om Bjørnstjerne Bjørnson i 1937.
 
Han arbeidde som lektor på Gjøvik 1921–22, skipa Orkdal landsgymnas i 1923 og var rektor der til 1938. Seinare var han rektor ved Trondheim katedralskole frå 1938 til 1966, med eit avbrot som rektor på St. Svithuns skole i Stavanger 1942–45.
 
Øverås redigerte Norsk Pedagogisk Tidsskrift 1941–46 og skreiv svært mange bøker, mellom dei Norsk reising (1932) og tobandsverket Frederik Moltke Bugge (1949) om velgjeraren som sytte for at Ivar Aasen kom i gang med språkarbeidet sitt i 1842.
 
Øverås var formann i Noregs Mållag 1949–52.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 24.07.2009
Sist oppdatert: 29.04.2013