Hopp til innhold
X
Innhald

Asgeir Olden

Asgeir Olden, journalist og forfattar. Han var dagleg leiar for Nynorsk Pressekontor i 14 år.

Asgeir Olden er fødd i Haram 6. desember 1950. Han tok examen artium ved Volda gymnas i 1970, studerte jus ved Universitetet i Bergen, tok førsteavdeling jus i 1972 og var vitskapleg assistent 1972–75.
Olden byrja i pressa som redaktør for universitetsavisa Studvest i 1976–77, var så journalist i Sunnmørsposten 1978–81 og redaktør i Dag og Tid 1985–90. Etter eit år som redaksjonssjef i Bergens Tidende vart han i 1991 tilsett som redaktør og dagleg leiar for Nynorsk Pressekontor, ei stilling han hadde til 2005. Sidan 2005 har han vore nestleiar og fagmedarbeidar ved Institutt for Journalistikk i Fredrikstad.
Olden har skrive ni bøker, mellom anna Juridisk ordliste (1978, ny utgåve 1985), Jon Eikemo – trur eg (1992) og Den vesle redaktørboka (2002). Saman med Jan Olav Fretland har han gitt ut På saklista. Nynorsk språkbruk i statsforvaltninga (2000). I 1988 gav han ut Fødd skuldig, tolv intervju med barn av NS-medlemer.
Olden var medlem av Norsk språkråd 1988–2004, oppnemnd av Norsk Presseforbund.
Kjelder
Jan Olav Fretland og Asgeir Olden: Nynorsk språkbruk i statsforvaltninga. Oslo 2000
Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Oslo 2010
Asgeir Olden: Juridisk ordliste. Skuleboknemnda åt Studentmållaget, Oslo 1978
Aani Rysstad ofl. (red.): «... allsidig stoff til avisene» 25 år med Nynorsk Pressekontor. Oslo 1994
Nils E. Øy: Pressefolk 1997. Institutt for Journalistikk, Oslo 1998
Årsmeldingar frå Norsk språkråd
Nettstaden til Institutt for Journalistikk: http://www.ij.no/ [lesedato 2.12.2011]
Peikarar

Først publisert: 03.01.2012
Sist oppdatert: 03.01.2012