Faktaboks

Audgunn Oltedal
Fødd
12. april 1945, Høle i Sandnes, Rogaland

Audgunn Oltedal er ein norsk journalist. Ho var den første redaktøren i SV-avisa Ny Tid, arbeidde i 25 år i NRK og har gitt ut bøker om genteknologi og om medieetikk.

Bakgrunn

Audgunn Oltedal er fødd i Høle (no Sandnes) i Rogaland og voks opp i Romsdalen i Møre og Romsdal. Ho tok examen artium ved Rogaland off. landsgymnas i 1965, vart cand.mag. ved Universitetet i Bergen i 1973 og cand.philol. med hovudfag i filosofi ved Universitetet i Oslo i 1997. Emnet for hovudoppgåva var medieetikk.

Journalistikk

Ho var journalistlærling i Dagen i 1965–1967, sommarvikar i Stavanger Aftenblad i 1968–1970, redaktør for SV-avisa Ny Tid i 1975–1979 og var i perioden i 1979–2004 tilsett i NRK, som programsekretær i Dagsrevyen (1979–1990), som redaksjonssjef i Dokumentar- og samfunnsredaksjonen (1991–1994) og i NRKs etikkprosjekt i Kompetanseavdelinga (1996–2000). Frå hausten 2004 har ho vore førstelektor ved journalistutdanninga ved Høgskolen i Oslo (no OsloMet).

Forfattarskapen

Oltedal har gitt ut bøkene Inn i genalderen (1988, saman med Kristin Aalen Hunsager), Genteknologi (1992, saman med Thomas Grünfeld), Den myndige journalisten (2001) og Venstrepopulisme (2009, saman med Nils Aarsæther og Knut Heen). I 2013 redigerte ho Formødrenes stemmer – kvinneliv rundt stemmeretten saman med Arnhild Skre,og i 2019 gav ho ut saman med Magne Lindholm Journalistikk, verdier og menneskerettigheter.

Andre verv og engasjement

Oltedal var medlem av Norsk kulturråd i 1973–1981, Nasjonal forskingsetisk komité for naturvitskap og teknologi i 1994–1996 og Rådet for anvend medieforsking i 1992–1996. I 1990 vart ho som den første kvinna vald til styreleiar i litteraturselskapet Det Norske Samlaget. Ho hadde dette vervet til 1994. I perioden 2002–20008 var ho ekstern medlem av styret for Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Audgunn Oltedal: Den myndige journalisten. Kristiansand 2001
  • Frank Rossavik: SV fra Kings Bay til Kongens bord. Oslo 2011
  • Nils E. Øy: Pressefolk 1997. Institutt for Journalistikk. Oslo 1998

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg