Hopp til innhold
X
Innhald

Audun Øyri

Audun Øyri, lege, målmann og medisinsk ordbokforfattar. Norsk medisinsk ordbok kom i 1988 og var den første større medisinske ordboka på norsk.

Audun Øyri var fødd i Time 11. november 1926 og døydde i Stavanger 8. mai 2002. Han tok examen artium ved Rogaland off. landsgymnas i 1947, vart cand.med. ved Universitetet i Bergen i 1954, godkjend spesialist i indremedisin i 1967, i nyresjukdomar i 1980.
Etter turnustenesta var han lege ved Stavanger sjukehus, Haugesund sjukehus og Haukeland sjukehus. Han hadde privat praksis i Varhaug 1960–62, var ved Sentralsjukehuset i Rogaland 1962–67 og ved Rikshospitalet 1967–71. I perioden 1971–81 var han assisterande overlege ved Sentralsjukehuset i Stavanger, i 1981–89 arbeidde han ved legekontoret for sjømenn i Stavanger, og i 1989–91 var han lege ved Sauda sjukehus.
I 1988 gav Øyri ut på nynorsk Norsk medisinsk ordbok. Boka tek sikte på både helsepersonell og folk flest. Det var den første større medisinske ordboka på norsk og eit ruvande arbeid. Åttande utgåva kom i 2007 og har 25 000 oppslagsord. I 1996 gav han ut Medisinsk lommeordbok. Tredje utgåva kom i 2002, med 7000 oppslagsord. Den første medisinske ordboka i Noreg var Karl Evangs Norsk medisinsk ordbok frå 1932.
Øyri vart i 2001 tildelt Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforenings ordbokpris. Same året fekk han Hå kommunes kulturvernpris for første bandet av Folkeminne frå Ognaheiå (2000, andre bandet kom i 2004). I 2000 fekk han og kona Bjørg målprisen til Rogaland Mållag for trufast bruk av nynorsk.
Kjelder
Øivind Larsen (red.): Norske leger. Oslo 1996
Erlend Hem: «Medisinsk ordbok i lommeformat», Tidsskrift for Den norske lægeforening nr. 10/2007
Erlend Hem «Øyris medisinske ordbok – hva nå?», Tidsskrift for Den norske lægeforening nr. 16/2007
K. Ronge: «Jo enklere desto bedre», intervju med Audun Øyri i Tidsskrift for Den norske lægeforening nr. 17/2001
Roald E. Strandjord og Sverre Braut: «Audun Øyri», minneord i Tidsskrift for Den norske lægeforening nr. 15/2002
Njål Tjeltveit: Så lang ein strid. Rogaland Mållag gjennom 75 år. Forsand 1995
Peikarar
Intervju med Audun Øyri i Tidsskrift for Den norske lægeforening nr. 17/2001
Norsk medisinsk ordbok i NBdigital:

Først publisert: 10.05.2010
Sist oppdatert: 04.02.2013