Hopp til innhold
Berit Oksfjellelv les frå boka "Ut av munnen" på Hemnes folkebibliotek i 2012. Foto: Hemnes folkebibliotek. Delt med fri lisens.
Berit Oksfjellelv les frå boka "Ut av munnen" på Hemnes folkebibliotek i 2012. Foto: Hemnes folkebibliotek. Delt med fri lisens.
X
Innhald

Berit Oksfjellelv

Berit Oksfjellelv, journalist, forfattar og lærar, debuterte med barnebok i 2012 og har sidan skrive noveller for born og vaksne.

Berit Oksfjellelv er fødd i Bleikvasslia i Nordland 11. mars 1977. Ho studerte kunsthistorie og nordisk språk ved universitetet i Trondheim og vart cand.philol. i 2002 med ei hovudfagsoppgåve om stadnamnendringar i Bleikvasslia. Frå 2003 til 2004 var ho forskingsassistent ved Norsk Ordbok og namnekonsulent for Norsk Språkråd. I 2004 flytta ho tilbake til Nordland, der ho har verka som forfattar og lærar. Ho har undervist i biletkunst og kreativ skriving ved Hemnes kulturskole, og i 2020 er ho lektor i grunnskulen.

Oksfjellelv har skrive artiklar i fagtidsskriftet Norsklæraren og avisartiklar om namneskikkar i Nordland. I skulen har ho late elevane drive namneinnsamling på heimstaden, og på kulturskulen har ho undervist vaksne om lokale forteljetradisjonar. Ho har òg engasjert seg i lokale handarbeidsteknikkar. Målet er å gjere folk nysgjerrige på eige språk og stolte av eigen kultur.

Rundt 2011 byrja ho å skrive skjønnlitteratur, først forteljingar i Norsk Barneblad, så Ut av munnen (2012), ei illustrert barnebok om ei jente i tannfellingsalderen. Med «Rypa» vann ho ein novellekonkurranse i 2014, i 2017 var ho representert i antologien Vilje. Saman med Hallvard Kjelen gav ho i 2019 ut vaksenboka Skjør, ei novellesamling om vanlege folk som slit med vanskelege liv, formidla med skjemt og alvor.

Kjelder

Berit Oksfjellelv, telefonsamtale 1.9.2020

Berit Oksfjellelv, e-post (CV og andre opplysningar) 12.9.2017

Jan Gaute Buvik: «Skjør», bokmelding, Avisa Hemnes 11.4.2019

Forfatterkatalogen: «Berit Oksfjellelv», forfatterkatalogen.no: https://www.forfatterkatalogen.no/forfattere/berit-oksfjellelv/ [lesedato 1.9.2020]

Peikarar

Berit Oksfjellelv: «Forsøk», pendelen.no

Berit Oksfjellelv: «Vil du sjekke ut online?», dagsavisen.no, publisert 27.1.2020

Først publisert: 25.01.2018
Sist oppdatert: 03.09.2020