Hopp til innhold
Einar Økland. Foto:  Tove K. Breistein, Samlaget.
Einar Økland. Foto: Tove K. Breistein, Samlaget.
X
Innhald

Einar Økland

Einar Andreas Økland, diktar og essayistisk kulturhistorikar, er ein av dei mest allsidige forfattarane i norsk litteratur etter 1945 og skriv helst dei bøkene han reknar med at ingen andre kjem til å skrive.

Einar Økland er fødd i Sveio 17. januar 1940. Han tok handelsskuleeksamen i Haugesund i 1955, examen artium ved Rogaland off. landsgymnas på Bryne i 1959 og embetseksamen i klinisk psykologi ved Universitetet i Oslo i 1965, med ei avhandling om sjukepleieelevar ved ein psykiatrisk institusjon.

Etter tre år som psykolog i Oslo og Bodø har Økland sidan 1967 livnært seg som forfattar, og frå 1985 har han vore busett i Valestrand i Sveio. Han har gitt ut eller redigert bort imot 80 bøker i dei mest ulike sjangrar, for born, unge og vaksne. Han har òg gjendikta dikt og skodespel av mellom andre Günter Grass, Pablo Neruda og Harold Pinter.

Økland var bokmeldar i Verdens Gang 1966–68 og konsulent for Bokklubben Nye Bøker 1975–85. For Det Norske Samlaget var han i nær 20 år litterær hovudkonsulent frå 1985, med unntak av åra 1998–99, då han var professor 2 ved Høgskulen i Volda. Han var redaksjonsmedlem i Impuls 1961–63, Profil 1964 og 1966–68, Fossegrimen 1964–67 og i Basar 1976–81.

Einar Økland har oppnådd mest all den heider ein norsk forfattar kan få, frå Nynorsk barnelitteraturpris i 1975 til den europeiske barnebokprisen Premio europeo Pier Paolo Vergerio i 1987, Gyldendalprisen i 2007, Språkprisen i 2015 og Diktartavla i 2018. Han var festspeldiktar ved Festspillene i Bergen i 1996 og ved Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda i 2002, og han er heidersmedlem i Det Norske Samlaget.

Einar Økland vart tildelt Brages heiderspris i 2015.

Ein strategisk bokskrivar

Einar Økland debuterte som forfattar med diktet «Mine veier er mange» i Haugesunds Avis 23. desember 1959. I bokform debuterte han med ei diktsamling på Cappelen i 1963, men seinare har han gitt ut dei fleste bøkene sine på Det Norske Samlaget.

Amatør-album, frå 1969, er ein klassikar blant litterære barndomsminne. Med sitt fridoms- og identitetstema er romanen Galskap frå 1971 eit av dei viktigaste eksperimentelle verka i nyare norsk litteratur. Essaya hans om Aksel Sandemose er det mest utsøkte i all den sakprosaen han har skrive. I mange og formsikre diktsamlingar har han skapt nye språklege rom for poesi i opposisjon mot romantisk sentrallyrikk. Sentralt står fem diktsamlingar han gav ut mellom 1975 og 1994 med undertittelen «Folkeminne».

Den lange rekkja av bøker er den strategiske forfattarens verk. Økland veit så godt kva han sjølv synest han ikkje får til, og kva andre kan gjere betre, at han heller tek fatt i det andre ikkje gjer, men burde ha gjort. Etter 1974 har han difor ikkje skrive nokon roman.

I forfattarskapen vandrar han mellom det høge og det låge, og han skriv helst i dei små formata. Glitrande setningar skriv han sjeldan. Det har vore viktig for han å få fram at daglegspråket er godt nok til kva det skal vere. Difor er både lyrikken og prosaen hans fri for høgstemte vendingar, dempa i tonen og likevel myndig.

Ein allaldersforfattar

Med Rasmus Løland som eitt av førebileta er Økland ein allaldersforfattar som systematisk har prøvt å viske ut skiljet mellom born, unge og vaksne lesarar. Få har gjort meir enn han for å utvikle ein moderne og modernistisk barnelitteratur på norsk.

Den første barneboka, Du er så rar, gav han ut i 1973. Dei neste tjue åra skreiv han nærmare tjue bøker for born og unge. Dei språkleg opne tekstane har stimulert biletkunstnarar som Wenche Øyen og Gerhard Stoltz til å dikte vidare på forteljingane hans. Bøker som Sikk-sakk (1978) og Ein god dag (1979) er for klassikarar å rekne.

Økland var opphavspersonen til ideen om Sommerset-serien, ein nynorsk ungdomskriminalserie der Sigbjørn Heie, Ragnar Hovland, Per Olav Kaldestad og han sjølv i åra 1982–87 skreiv til saman 13 bøker under pseudonymet John Donner.

Sidan 1970-åra har han vore ein gjengangar i tekstantologiar for skulen. For fleire tiår med elevkull er namnet hans knytt til noveller som «Black & Decker».

Organisator for litteratur

I tillegg til det skrivande arbeidet har Økland vore eit organisasjonsmenneske med mange verv og initiativ. Det har gjort han til ein av dei viktigaste premissleverandørane i nyare norsk litteratur.

Økland tok initiativet til å skipe Norsk Forfattarsentrum i 1968. Her var han styremedlem i perioden 1968–71 og dagleg leiar hausten 1973. Han har vore styremedlem i Norsk Litteraturkritikerlag i to periodar, styremedlem i Den norske Forfatterforening 1989–94, medlem og seinare formann i Det litterære råd 1973–78, og i 1990-åra sat han i juryen for Nordisk Råds litteraturpris.

Frå 1981 til 1996 var han medlem i ankenemnda for dei litterære innkjøpsordningane i Norsk kulturråd, der han i perioden 2001–2004 også var varamedlem og seinare medlem i rådet.

Essayistisk kulturhistorikar

Økland har samanfatta mykje, samla endå meir og skrive mest heile tida. Han er ein essayistisk kulturhistorikar som helst ikkje skriv uttømande eller tørrlegg kjeldene; det er alltid noko meir som kan kome til. Resonnementa fører han sjeldan beint dit han skal, og dit vil han heller ikkje. Lagar han lister, og det gjer han ofte, er dei sjeldan komplette. Han samlar prøver av kunnskap, slik at lesaren kan forstå meir og tenkje vidare.

Han samlar både på innsikt og gjenstandar. Gjennom fleire tiår har han bygt opp eigne samlingar av skrifter og kulturhistoriske gjenstandar der han heller søkjer etter det typiske eller kuriøse enn det komplette. Bruksgrafikk og trivialbilete i alle sine former er ein av spesialitetane, og han har skrive fleire grunnleggjande tekstar om norsk reklamehistorie.

Essayistikken hans er prega av sjenerøse og undrande vurderingar, ut frå ei grenselaus samling av kunnskap. Di meir marginalt noko kan sjå ut til å vere, di sikrare er det at han veit noko om det, har samla ein del døme og har oppdaga nokre samanhengar andre sjeldan tenkjer på. Essaysamlingar som Skrivefrukter (1979), Nå igjen (1982) og I tilfelle nokon spør (2001) er rause inngangar til denne delen av forfattarskapen.

Eit gjennomgåande trekk ved forfattarskapen er ei ikkje-dogmatisk tenking. Alt i 1969 formulerte Einar Økland det som i ettertid kan lesast som ei programerklæring for heile forfattarskapen: Å skrive godt «er å trengje seg gjennom alt ein veit, fram mot det ukjende». Han har vore ein av dei som vil finne ut ting på eiga hand. «Ein kan ikkje vite før ein veit,» seier Økland sjølv.

Kjelder

«Ei røyst som er mi», temautstilling i Ivar Aasen-tunet 2002

Kjartan Fløgstad, Sverre Tusvik og Jorunn Veiteberg (red.): Skriftfest. Einar Økland 70. Oslo 2010

Gyldendals Aktuelle Magasin nr. 2/1978

Ottar Grepstad: «Einar Øklands landhandel i litterære artiklar», Essayet i Noreg. Oslo 1982

Ole Karlsen (red.): Ein orm i eit auge. Om Einar Øklands forfatterskap. Skriftserie Landslaget for norskundervisning, nr. 102. Oslo 1997

Sverre Tusvik og Guri Vesaas (red.): Einar Økland 50. Festskrift. Oslo 1990

Jan Erik Vold: «Det sit ein ironikar i logar», Syn og Segn s.13, 1980

NTB: "Brage-heder til Einar Økland". Publisert i Stavanger Aftenblad, 8.12.2015

Peikarar

«Øklands trykksaker», Bergen Offentlige Bibliotek

«Unikt samarbeid på Vestlandet om Økland-tunet», Ivar Aasen-tunet

Vidare lesing

Andersen, Per Thomas: "Konsert for klaver og lastebil : Om Lars Amund Vaages Rubato.". Tankevaser : om norsk 1990-tallslitteratur, 2003, 165-93

Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 8: Vår egen tid, 1998

Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne

Først publisert: 27.09.2010
Sist oppdatert: 18.04.2018