Hopp til innhold

Eli Oftedal

Eli Oftedal, omsetjar, «kjøkenskrivar» og radiokåsør.

Eli Oftedal er fødd 6. september 1921 i Sparbu (no Steinkjer). Ho tok examen artium på latinlinja ved Steinkjer landsgymnas i 1941, gjekk på teiknelinja på Statens kvinnelige industriskole (seinare Statens lærarhøgskole i forming, Oslo), tok norsk mellomfag ved Universitetet i Oslo i 1945, fransk mellomfag i 1947 og studerte engelsk ved University of Madison, Wisconsin, USA i 1947–48. Same staden studerte ho også kunsthistorie og komposisjon.
I 1943–45 var ho lærar, 1948–50 var ho tilsett som redaksjonssekretær for det nynorske leksikonet Norsk Allkunnebok, og ei tid gjorde ho frilansarbeid med redigering av stoff for Norsk Tidend og Dag og Tid.
Ho har omsett over 30 bøker frå engelsk, tysk og fransk, dei fleste frå engelsk, mange av dei barnebøker og mange for Det Norske Samlaget. Ho gjorde òg ei rad omsetjingar for NRK. Mest kjend er kanskje likevel omsetjinga av operetten Oklahoma! for Det Norske Teatret i 1949.
I mange år var ho frilans petitskribent i Dagbladet under signaturen «Eli», og ho heldt mange morgonkåseri i NRK, mellom anna i serien «Som dagane går».
Oftedal var varamedlem av Norsk språkråd 1988–95, oppnemnd av Norsk Oversetterforening, varamedlem til styret i Riksteatret 1961–69 og var ei tid leiar for rådet for Norsk Barneblad.
I jubileumsboka for studentane frå 1941 fører ho opp som yrke «kjøkenskrivar», med den forklarande parentesen «ei som skriv på kjøkenet».
I 1971 vart ho tildelt Norsk barnelitteraturpris av Noregs Mållag.
Kjelder
«85 år 6. september. Oversetter, radio-kåsør, petitskribent Eli Oftedal». NTBtekst 24.8.2006
Tryggve Juul Møller mfl. (red.): Studentene fra 1941. Oslo 1966
Eli Oftedal: « Minnest tida på Tuv». Årbok 2000, Sparbu historielag
Eli Oftedal: «Prestegardsliv i 30-åra». Folkehøgskolen, 7–8, 1990
Årsmeldingar frå Norsk språkråd
Opplysningar frå Norsk Oversetterforening: http://www.oversetterforeningen.no/
[lesedato 5.6.2012]

Først publisert: 05.06.2012
Sist oppdatert: 05.06.2012