Faktaboks

Erna Osland
Fødd
24. februar 1951, Høyanger
Erna Osland
Erna Osland er ein norsk forfattar.
Av /Det Norske Samlaget.

Erna Osland blir rekna som ein av dei fremste norske forfattarane av barne- og ungdomsbøker. Den tidlegare læraren er både produktiv og prislønt, og ho skriv innanfor dei fleste litterære sjangrar.

Bakgrunn

Osland er fødd i Høyanger. Ho er utdanna lektor og arbeidde som lærar i Masfjorden i Vestland fram til 1995. Osland debuterte med ungdomsromanen Natteramnen i 1987. Sidan har ho skrive ei rekkje bøker, både skjønnlitteratur og fagbøker, hovudsakleg for barn og ungdom. Ho tek ofte opp store problemstillingar i bøkene sine, og ho er oppteken av ikkje å gi dei ei eintydig løysing. Ho har òg drive aktivt med litteraturformidling og har halde skrivekurs for barn og ungdom over heile landet.

I 2004 var Osland den første barnebokforfattaren som fekk bli festspeldiktar under Festspillene i Bergen, og i 2007 var ho festspeldiktar ved Dei nynorske festspela. Ho har vunne mange prisar, mellom anna både Brageprisen og Kritikarprisen for Salamanderryttaren i 1999. Ho vart heidersmedlem i Samlaget i 2018.

Det språklege utgangspunktet

Osland arbeidde som lærar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen i nesten ti år før ho debuterte som forfattar. Ho meiner at det er elevane hennar som har lært henne å skrive, fordi ho ville skrive tekstar som dei forstod og kjende seg att i. 36 år gammal gav ho ut den første boka, men først sju år seinare blei ho forfattar på heiltid. Historiene i bøkene hennar er gjerne lagde i munnen til ein eg-forteljar som sjølv er barn eller ungdom, og ho fangar og formulerer tankane deira på ein truverdig måte. Særleg godt meistrar ho det heilt enkle språket, som er så gjennomarbeidd og rytmisk at det aldri blir kjedeleg.

Motiv og tema

Moralske dilemma og skilnaden på rett og gale er tema som går att i bøkene hennar. Den prislønte boka Salamanderryttaren stiller til dømes spørsmål ved om det alltid er gale å stele. Andre store tema ho tek opp, er mellom anna incest (Kryssord, 1990) og sorg (Svimmel, 1997). Eit motiv som går att i mange av bøkene til Osland, er barn som manglar ein far, anten fordi dei ikkje har nokon, eller fordi han forsvinn eller er lite til stades. Døme på romanar der farslengten er særleg tydeleg, er Kattespranget (1998), Den farlege reisa (2006) og skodespelet Rekneprinsen (2007). I 2006 skreiv ho òg ei fagbok for barn om dette temaet. Fint å ha far tek opp farsrolla i dyreverda og fortel med humor og eit godt blikk for detaljar om dei ganske få dyra der faren tek ansvar for ungane sine.

Ulike sjangrar

Osland skriv ofte slik at ein må lese mellom linjene, og ho er ein uvanleg god novellist. I samlingar som Berre du som veit (2003) og Nær nok (2004) bruker ho novellesjangeren til å formidle kjensler og problem barn kan oppleve i kvardagen, på skulevegen eller heime. Her er fleire noveller om mobbing, men også om venskap og kjærleik.

Lett å lese

Som lærar såg Osland kor viktig det er at elevane får bøker som passar for kvar einskild, både når det gjeld innhaldet i bøkene, og korleis dei var skrivne. Ho oppdaga tidleg at elevar med nynorsk som hovudmål hadde særleg lite å velje mellom når det gjeld lettlesne bøker. Difor skreiv ho på nittitalet ei rekkje bøker som skulle vere lette å lese for ungdom, og det synte seg raskt at ho trefte lesarane sine. Bøkene om Ruben og Gina (1994–1996) blei populære, og særleg godt mottekne blei bøkene om 15-åringen Daniella D, ei moderne «frøken detektiv» frå Vestlandet.

Fagbøker for barn er eit anna av hjartebarna til Osland. Ho tek ofte utgangspunkt i konkrete og originale problemstillingar når ho skriv, og bruker dette som innfallsvinkel til langt større emne. Den første fagboka var ein teikneserie om Ivar Aasen, «ei historie om kjærleik», som formidlar prosjektet til Aasen på ein uhøgtidleg og engasjerande måte for målgruppa. I Hår i millionar år formidlar ho kulturhistorie frå heile verda ut frå hår og hårmotar.

I ei rad sakprosabøker for barn som byrja med Skarpe tenner (2005) og Fint å ha far (2006) har Osland vore med på å utvikle ein sjanger som har blitt dominerande i sakprosa for barn om naturemne. Kvar bok har som tema eit trekk som finst hos fleire artar: tenner, naser, omsorgsfulle fedre, parasittartar, nattedyr og liknande.

I samarbeid med Leser søker bok har Osland skrive fleire bøker for menneske med kognitive vansker. Anna og Solmann (2013) er ei kjærleiksforteljing om og for vaksne som er råka av slag, medan Du er vel vakker (2006) handlar om kjærestar med utviklingshemming.

Utgjevingar

  • Sping! (Noveller for barn, Omnipax, 2022)
  • Kanskje, kanskje. Ei bok om tannfelling, tannfear og trøyst (Barnebok, Skald forlag, 2020)
  • Mi mjuke, mjuke oldemor (Barnebok, Omnipax, 2019)
  • Du og eg (Barnebok, Magikon, 2019)
  • Vaken? Ei godnattbok om dyr som ikkje søv om natta (Sakprosa for barn, Samlaget, 2017)
  • Bestem deg, Tony T, bestem deg! (Barnebok, Samlaget, 2017)
  • Bokstavsommaren (Barnebok, Samlaget, 2017)
  • He-he. Ei bok om den livsviktige latteren (Sakprosa for barn, Samlaget, 2016)
  • Gullfalken. Ni nye eventyr (Barnebok, Samlaget, 2016)
  • Når det regnar i Afrika. Ei bok om vêr og klimaendringar (Sakprosa for barn, Samlaget, 2015)
  • Ta 100 steg og få ein venn (Barnebok, Samlaget, 2015)
  • Under ein stein. Ei bok om små dyr (Sakprosa for barn, Samlaget, 2014)
  • Anna og Solmann (Prosa, tilrettelagd bok, Skald forlag, 2013)
  • Nasevis (Sakprosa for barn, Samlaget, 2013)
  • Hør! (Barnebok, Aschehoug, 2012)
  • Venner med venger. Inspirerande fuglebok for barn (Barnebok, Samlaget, 2012)
  • Kyss ein bokstav (Barnebok, Skald forlag, 2011)
  • Brevet frå havet (Barnebok, Mangschou forlag, 2010)
  • Sov søtt, herr Spiss (Sakprosa for barn, Mangschou forlag, 2010)
  • Eventyrboka (medforfattar) (Eventyr, Skald forlag, 2009)
  • Den uendelege reisa (Eventyr, Samlaget, 2009)
  • Dyrebare venner (Sakprosa for barn, Mangschou forlag, 2008)
  • Perlepappaen (Dramatikk, Transit, 2008)
  • På liv og død (Gan Aschehoug, 2008)
  • Rekneprinsen (Barnebok, Samlaget, 2007)
  • Godnattboka (medforfattar) (Eventyr, Skald forlag, 2007)
  • Du er vel vakker (Roman, Samlaget, 2006)
  • Den farlege reisa (Ungdomsbok, Samlaget, 2006)
  • Fint å ha far (Sakprosa for barn, Mangschou, 2006)
  • Perfekte par. Forteljingar (Ungdomsbok, Samlaget, 2005)
  • Skarpe tenner (Sakprosa for barn, Mangschou, 2005)
  • Nær nok (Noveller, Samlaget, 2004)
  • Berre du som veit (Barnebok, Samlaget, 2003)
  • Rid i natt (Ungdomsbok, Samlaget, 2001)
  • Drømmeprinsen (Barnebok, Samlaget, 2000)
  • Salamanderryttaren (Ungdomsbok, Samlaget, 1999)
  • Kattespranget (Barnebok, 1998)
  • Sikkert som S (Barnebok, Samlaget, 1998)
  • Svimmel (Ungdomsbok, Tiden, 1997)
  • Det sjette grepet (Ungdomsbok, 1997)
  • Farleg mørkersamlaget (Ungdomsbok, 1996)
  • Ivar Aasen – ei historie om kjærleik (medf). (Teikneserie, Samlaget, 1996)
  • Blindt mysterium (Ungdomsbok, Samlaget, 1995)
  • I grevens tid. Daniella D. (Ungdomsbok, Damm, 1994)
  • Ringar i blod (Ungdomsbok, Samlaget, 1994)
  • Ulvens skugge (Ungdomsbok, Samlaget, 1993)
  • Tunnelkjøraren. (Ungdomsbok, Samlaget, 1993)
  • Svart hane. Daniella D. (Ungdomsbok, Damm, 1993)
  • Hauk over hauk. Daniella D. (Ungdomsbok, Damm, 1993)
  • Ellinor (Ungdomsbok, Samlaget, 1992)
  • Søte drops og skarpe knivar. Daniella D (Ungdomsbok, Damm, 1992)
  • Reisa til Maria (Ungdomsbok, 1991)
  • Kryssord (Barnebok, Samlaget, 1990)
  • Noas løve (Barnebok, Samlaget, 1989)
  • Frekke Fritjov og jenta med den ovale navlen (Barnebok, Samlaget, 1988)
  • Natteramnen. (Ungdomsbok, 1987)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg