Hopp til innhold
X
Innhald

Ernst Orvil

Ernst Orvil, 1898–1985, var forfattar. Han skreiv mellom anna romanane Birger, som var debuten i 1932, Hvit uro i 1937, Maksimum i 1945 og Monument i 1956. Orvil skreiv òg noveller, mellom anna samlingane Røde omriss frå 1960, Skinnende skygger frå 1965 og Tilstrekkelig frå 1969.
 
Han var òg lyrikar og gav mellom anna ut samlingane Bølgeslag i 1940, Syngende sommer i 1953, Farende år frå 1962, Idyller frå 1967, Nær nok frå 1980 og Videre frå 1982. Orvil skreiv fleire skodespel, mellom andre Rødt lys frå 1948 og Tre kvinner frå 1955. Forma til Orvil er prega av undring, innfall, paradoks og ordleik. Samlinga Siste dikt kom ut posthumt i 1988.
 
Orvil gav ut nærare 50 titlar og fekk Aschehougprisen i 1979.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.03.2013
Sist oppdatert: 15.03.2013