Hopp til innhold
Hallgeir Opedal. Foto: Cappelen Damm (med løyve for Allkunne).
Hallgeir Opedal. Foto: Cappelen Damm (med løyve for Allkunne).
X
Innhald

Hallgeir Opedal

Hallgeir Opedal, journalist, forfattar og medarbeidar i produksjonsselskapet Monkberry, og han arbeider mellom anna med podcastproduksjon.

Hallgeir Opedal er fødd 29. september 1965 på Kongsberg og voks opp i Odda i Hordaland. Han blei uteksaminert frå Clovis High School i New Mexico i 1985, tok journalistutdanning ved Norsk journalisthøgskole i Oslo og begynte som journalist i Hardanger Folkeblad i 1986. Seinare arbeidde han i Haugesunds Avis, VG og NRK, før han blei tilsett i Dagbladet (1992–2011). Sidan 2012 har han vore knytt til produksjonsselskapet til Fredrik Skavlan, Monkberry, og i 2015–16 arbeidde han i tillegg med podcasting.

Opedal har skrive fleire bøker, og han debuterte i 2001 med oppslagsverket Er det farlig å ha et lite hjerte? og andre ting du ikke visste du lurte på, redigert saman med Torbjørn Lysebo Ekelund. Same året kom 11, ei fotballbok skriven saman med Joachim Førsund. I 2004 kom både barneboka Flekkmonsteret bygger harefelle, som han gav ut saman med Vetle Opedal, og romanen Jøss. Alltid på ein søndag. Opedal i utval (2008) var ei samling av dei beste tekstane hans sette om til nynorsk, og i 2011og 2013 gav han ut ein biografi om Magnus Carlsen.

Opedal skriv ofte portrettintervju og held foredrag. I Monkberry arbeider han med research og med fjernsynsserien «På bortebane». Podcastprosjektet frå 2015 er intervju med 21 norske forfattarar.

Han fekk Hestenesprisen i 1996 og NTBs språkpris for godt mediespråk i 2009.

Kjelder

Om Hallgeir Opedal på www.cappelendamm.no: https://www.cappelendamm.no/cappelendamm/podcast/bokpod/article.action?contentId=58415 [lesedato 4.11.2016]

Peikarar

Pål Nordseth: «Han får forfatterne til å åpne seg for mikrofonen», dagbladet.no

NTB: «Dagbladets Hallgeir Opedal vant språkpris», dagbladet.no

Monkberry: «På bortebane»

Glenn Slydal Johansen: «Hallgeir Opedal kaster seg på podcastbølgen», journalisten.no

BokPod, prosjektleiar Knut Gørvell og Hallgeir Opedal fortel om prosjektet

Først publisert: 28.02.2017
Sist oppdatert: 17.03.2017