Hopp til innhold
X
Innhald

Hallvard Ørsal

Hallvard Ørsal, ein av dei mest kjende spelemennene på Nordmøre i byrjinga av førre hundreår. Han komponerte slåttar og vann fleire prisar.

Hallvard Ørsal var fødd 22. desember 1876 på ein plass under garden Ørsal øvst i Todalen i Surnadal kommune. Han døydde 1. februar 1943 på Myrvang i Todalen.
Todalen fostra fleire spelemenn utover 1800-talet, med Hallvard Ørsal som den mest namngjetne. Både på fars- og på morssida var det gode spelemenn, og frå mora lærte han mange slåttar og folketonar.
Den unge Hallvard viste tidleg musikalske evner og synte særleg givnad for felespel. Men han voks opp i små kår, måtte tidleg ut og gjete og fekk aldri noka formell musikkutdanning. I 1902 reiste han til Molde for å vere med på ein kappleik, og der vann han ein førstepremie. Sidan vann han fleire premiar på kappleikar. Det var særleg nordmørsslåttar han spela.
Spelemannsslekt
Ørsal hadde kunstnarar og spelemenn i ætta, både på fars- og morssida. Ein oldefar på morssida, spelemannen Nils Andersson Sagjen frå Lesja, kom til Todalen sist på 1700-talet. Der fekk han namnet «Gammel-Sagjin», som enno er namnet på ein slått etter han. Fleire av slåttane til Ørsal hadde han etter mora, som tralla dei for han. Ho hadde ei god songrøyst og kunne mange tonar og slåttar som ho tralla både til arbeid og til dans. Desse slåttane var den unge Hallvard snar til å ta opp på fela si, og snart vart han ein dugande og omtykt spelemann i bryllaup og andre samkomer både i heimbygda og i grannebygdene.
På farssida var han av Rytter-ætta, der det var fleire kunstnarar og spelemenn, blant dei syskenbarnet Henrik Rytter, som var ein kjend lyrikar.
Frå vanleg fele til hardingfele
Tidleg bestemte han seg for å byte ut fela med hardingfele, for å hevde seg betre i kappleikar og livberge seg som spelemann. Men ikkje alle likte dette skifte av instrument. Så lenge han spela vanleg fele, heldt han seg til nordmørstradisjonen.
No måtte han lære seg ein annan speleteknikk og til dels også eit anna repertoar, mellom anna slåttar frå «hardingfeledistrikta» og bravurnummer som «Fanitullen» og «Myllargutens meisterstykke». Saman med Ivar Kjellstad og Nils Bakke prøvde han seg som konserterande hardingfelespelar under den nasjonale bølgja først på 1900-talet. Han spela òg mykje saman med Peder Tevik og trekkspelaren Ole Wenge.
I og med at Ørsal spela nordmørsslåttar på hardingfele, kom han samtidig til å svekkje respekten for den mest særmerkte nordmørsmusikken på fele. Likevel er det han som oftast vert nemnd i kjeldene når det gjeld vidareføring av nordmørstradisjonane, og over heile Nordmøre finn ein spor etter denne framifrå spelemannen. Han har sjølv komponert mange slåttar. Dei mest kjende er «Neådaling», «Tovass-valsen» og «Helsing til Todalen».
I 1919 kjøpte han eigedomen Myrvang øvst i heimbygda og budde der til han døydde i 1943. 17. mai 1949 reiste bygdefolket ein minnestein over han på plassen der han vart fødd.
Kjelder
Jostein Fet: Folkemusikken i Møre og Romsdal. Skrift nr. 1 frå Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal. Volda 1999
Leif Halse: Spelemenn på Nordmøre. Trondheim 1973

Først publisert: 04.03.2014
Sist oppdatert: 04.03.2014