Hopp til innhold
X
Innhald

Halvard Olsen

Halvard Olsen, 1886–1966, var fagorganisasjonsleiar og politikar for Arbeidarpartiet/NKP. Olsen var formann i NKP i 1924, men kom inn att i Arbeidarpartiet ved samlinga i 1927. Som jernarbeidar var han aktiv i Fagopposisjonen av 1911. Frå 1919 var han formann i Norsk Jern- og Metallarbeiderforbund, og i LO frå 1925 til 1934. Olsen vart vraka fordi han støtta lovbestemte avstemmingsreglar for fagrørsla. Under krigen gjekk han inn for samarbeid med okkupasjonsmakta og vart medlem av NS. Han vart seinare dømd for landssvik.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.04.2016
Sist oppdatert: 04.04.2016