Hopp til innhold
X
Innhald

Harald Ofstad

Harald Frithjof Seiersted Ofstad, filosof og samfunnsdebattant. Han klargjorde etiske tenkjemåtar, skreiv om fridom og ansvar og analyserte nazismen.

Harald Ofstad var fødd 13. oktober 1920 i Bergen og døydde 5. oktober 1994 i Oslo. Han tok examen artium på Sydnes skole i 1939, vart cand.jur. ved Universitetet i Oslo i 1946 og magister i filosofi året etter. I 1949–54 var han universitetsstipendiat i moralfilosofi ved Universitetet i Oslo, i 1954–55 professor i filosofi ved Universitetet i Bergen og i 1955–87 professor i praktisk filosofi ved Stockholms Universitet.
Ofstad arbeidde særleg med etikk og rettsfilosofi. I hovudverket An Inquiry into the Freedom of Decision (1961) drøftar han kva det vil seie at mennesket har fridom til å velje. Han stod for ein ansvarsetikk: Handlingar må vurderast ut frå sine sannsynlege konsekvensar, men absolutte verdiar set grenser for kva ein har rett til å gjere mot sine medmenneske. Desse spørsmåla drøfta han mellom anna i Valg og verdi (1961, skriven saman med kona Erna Ofstad), i Innføring i moralfilosofi (1964) og i Ansvar og handling (1980).
Liksom andre norske filosofar og samfunnsvitarar i åra etter krigen var Ofstad oppteken av å studere nazismen og den autoritære personlegdomen. I 1971 gav han ut Vår forakt for svakhet. En analyse av nazismens normer og vurderinger. Eit intellektuelt testamente var boka Vi kan ändra världen, som kom i 1987.
Ofstad var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1963. Han var riddar av den svenske Nordstjärneordenen.
Kjelder
Vilhelm Aubert ofl.: Tenk en gang til. Oslo 1952
Inga Bostad (red.): Filosofi på norsk, bd. 1. Oslo 1995
Christopher Hals Gylseth: «Harald Ofstad», Norsk biografisk leksikon, bd. 7. Oslo 2003
Tryggve Juul Møller (red.): Studentene fra 1939. Oslo 1964
Erna og Harald Ofstad: Valg og verdi. Oslo 1961
Harald Ofstad: Ansvar og handling. Oslo 1980
Harald Ofstad: An Inquiery into the Freedom of Decision. Oslo 1961
Harald Ofstad: Vi kan ändra världen. Hur bör vi ställa frågorna?. Stockholm 1987
Harald Ofstad: Vår forakt for svakhet. En analyse av nazismens normer og vurderinger. Oslo 1971

Først publisert: 03.01.2012
Sist oppdatert: 05.01.2012