Faktaboks

Hilde Opoku

Hilde Nøsen Opoku

Fødd
4. mars 1968, Trondheim, Trøndelag
Hilde Opoku i 2015.
Hilde Opoku i 2015.
Av /NTB.

Hilde Opoku er statsvitar, politikar og tidlegare talsperson for Miljøpartiet Dei Grøne (MDG), saman med Rasmus Hansson.

Bakgrunn

Hilde Nøsen Opoku er fødd i Trondheim i Sør-Trøndelag (no Trøndelag). Ho gjekk på vidaregåande skule i Trondheim i 1984–1987 og tok hovudfag i statsvitskap ved NTNU i 1997. I 2001 tok ho doktorgrad 2001 same staden, med industriell økologi som fagfelt. Opoku har òg studert og arbeidd i USA, Ghana, Island og Storbritannia.

Politisk karriere

Opoku var bystyrerepresentant og gruppeleiar for Sosialistisk Venstreparti (SV) i Trondheim i 2003–2010 og landsstyrerepresentant for SV før ho melde overgang til Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) i 2010. I perioden 2011–2019 satt ho i bystyret for MDG i Trondheim, der ho òg i ein periode var gruppeleiar. Opoku blei medlem av landsstyret i MDG i 2011, og i 2014 blei ho vald til talsperson for MDG saman med Rasmus Hansson. Det vervet hadde ho til 2016.

Frå 2015 til 2017 var ho varaordførar i Trondheim i eit samarbeid med Arbeidarpartiet, SV, Venstre, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Pensjonistpartiet. Opoku meiner at all politikk er miljøpolitikk, ønskjer at MGD skal bli det nye arbeidarpartiet, vil samarbeide med fagrørsla for å få til redusert arbeidstid framfor høgare løn og auka forbruk.

Andre verv

Ho har vore nestleiar i Framtiden i våre hender og var fylkesleiar i Grønn hverdag i Midt-Noreg i 2008–2011.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg