Faktaboks

Ingalill Olsen
Fødd
15. desember 1955, Måsøy, Finnmark
Ingalill Olsen.

Ingalill Olsen er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet som var stortingsrepresentant frå Finnmark 2009–2013 og 2017–2021.

Bakgrunn

Ingalill Olsen er fødd i Måsøy i Finnmark. Ho tok lærarutdanning i Alta ved Høgskolen i Finnmark (no UiT Norges arktiske universitet) 1976–1980, studerte skuleutvikling og leiing ved Universitetet i Tromsø 1985–1986 og gjekk på Statens lærerhøgskole i forming i Oslo 1986–1987. Ho arbeidde som lærar ved Havøysund skole 1980–1986 og var pedagogisk konsulent i Måsøy kommune 1987–1995.

Politisk karriere

Olsen var medlem styret i Finnmark Arbeidarparti 1983–1989, kommunestyrerepresentant i Måsøy kommune for Arbeidarpartiet 1987–1991 og ordførar i kommunen i nesten fire periodar, frå 1995 til 2009. Ho blei vald inn på Stortinget for Arbeidarpartiet i Finnmark i 2009. Olsen var medlem av finanskomiteen på Stortinget i 2009, og deretter andre nestleiar i kommunal– og forvaltningskomiteen 2009–2013.

Olsen mista mandatet sitt ved valet i 2013. Ho var vararepresentant 2013–2017 og vart igjen vald inn på Stortinget i 2017. Ho vart då medlem i transport– og kommunikasjonskomiteen. Olsen stilte ikkje til attval ved stortingsvalet i 2021.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg