Hopp til innhold
X
Innhald

Ivar Orgland

Carl Ivar Svendsbøe Orgland, filolog og forfattar. Han la ned eit stort arbeid som formidlar av islandsk dikting og kultur.

Carl Ivar Svendsbøe Orgland var fødd i Kristiania 13. oktober 1921 og døydde i Asker 16. juni 1994. Han tok examen artium på reallina ved Oslo katedralskole i 1939, vart cand.philol. i 1949 med norsk hovudfag og tysk og historie sidefag og vart dr.philos. ved Islands universitet (Háskóli Íslands) i 1969 med avhandlinga Stefán frá Hvítadal og Noreg. Han var den første utlendingen som disputerte ved universitetet på Island.
 
Orgland var stipendiat, seinare lektor i norsk ved Háskóli Íslands 1950–60, lektor i norsk ved Lunds Universitet 1962–69 og lektor i islandsk ved Universitetet i Oslo 1973–79. Frå 1980 var han statsstipendiat.
 
I studietida var han elev av operasongar Sigurd Hoff. Han song tenor i Oslo Domkor og Sølvguttene, var solist ved fleire kyrkjekonsertar, og under opphaldet på Island heldt han òg eit par songkonsertar med norsk program for Islands radio.
 
Orgland debuterte som lyrikar i 1950 med diktsamlinga Lilje og sverd og gav seinare ut 15 samlingar, mellom anna Atlantider (1960), Farvegar (1964), Villgunna dansar (1970) og Nattstill fjord (1973). Han nyttar rim og metrum og svært ulike verseformer. Elementa hav, jord og eld går att i diktinga hans.
 
Orgland var ein ivrig formidlar av islandsk dikting og kultur. Han gav ut om lag 20 bøker med gjendiktingar til nynorsk av islandsk lyrikk frå mellomalderen til vår tid. For gjendiktingane vart han i 1986 heidra med Bastianprisen. Saman med Frederik Raastad gav han ut Islandsk-norsk ordbok i 1985, og i 1993 Norsk-islandsk ordbok. I 1977 fekk han tildelt storriddarkrossen av Den Islandske Falkeorden.
 
Orgland voks opp i Oslo, men er gravlagd i Vikebygd i Vindafjord, der mor hans kom frå, og der han frå barndomen av ofte heldt til om sommaren.
 
Kjelder
Edvard Beyer (red.): Norges litteraturhistorie, bd. 6: Willy Dahl og Eiliv Eide:
Vår egen tid. Stabekk 1984
Helga Sverdrup Ekrheim, Olav Ekrheim, Håkon Norås (red.): Norges filologer og realister. Stavanger 1950
Ruth Gundersen: «Ivar Orgland», minneord, Aftenposten 01.07.1994
«Kristianiagategutten som ble nynorsklyriker», intervju, Aftenposten 18.10.1990
Hallvard Magerøy: «Ivar Orgland», minneord, Aftenposten 06.07.1994
Trygve Juul Møller (red.): Studentene fra 1939. Oslo 1964 
NTB: «Ivar Orgland 70 år 13. oktober», 1991
Reidar Storaas: «Ivar Orgland», minneord,  Bergens Tidende 24.06.1994 

Først publisert: 15.02.2011
Sist oppdatert: 17.04.2018