Hopp til innhold
Ivar Orvedal
Ivar Orvedal
Foto: Ivar Aasen-tunet, arkiv. Nytta etter avtale med Ivar Aasen-tunet.
X
Innhald

Ivar Orvedal

Ivar Orvedal, mangfaldig kunstnar, musikkritikar og kulturarbeidar frå Sogn.

Ivar Orvedal er fødd i Måren i Ytre Sogn 28. desember 1952 og bur skiftevis i Måren og i Dale i Sunnfjord. Han er utdanna skipselektrikar frå Oslo teknisk-maritime skole i 1972, men har sidan 1980 vore sauebonde, forfattar, musikkskribent, økologisk gardbrukar, hesteoppdrettar, kulturentreprenør og improvisasjonkunstnar. Orvedal har vore gjestelærar ved Forfattarstudiet ved Høgskulen i Telemark og ved Skrivekunstakademiet i Bergen.
 
Ivar Orvedal debuterte som lyrikar i 1979 med Moldmennsje, på sognedialekt. Seinare kom det tre bøker til: Café 1982 (1982), med grafiske trykk av Edvard Munch, Grrmjau (1988), illustrert med tusjteikningar av Sidsel Paaske, og Ordakt (1994) saman med biletkunstnaren Randi Strand. Ordakt fekk Grafills diplom for årets vakraste bok i 1995, generell klasse.
 
Det estetiske uttrykket som bøkene vitnar om, finn vi også att i Orvedals mange framføringar og konsertar sidan 2000. Han har vore særleg oppteken av å utforske tverrestetiske og tverrkulturelle uttrykksformer, og å skape musiske møtestader på tvers av sjangrar og tradisjonar. Saman med Karl Seglem skipa han Mårenbiennalen, som vart arrangert tre gonger (2003, 2005, 2007), med vekt på improvisert musikk, installasjonar, litteratur, folkemusikk og landskapskunst.
 
Sidan 2000 har Orvedal hatt ei rekkje framføringar under tittelen «Pusterom» saman med Arve Henriksen, og han har vore leiar for «Non Plus Ultra», eit tverrkulturelt, tverrfagleg improvisasjons-prosjekt. Her han mange kunstnarar vore med, mellom anna Nils Økland, Bjarne Lestra, Nina de Heney og Sanjally Jobarteh. Også i prosjektet «Ambrosia» (2010) møtest ord og tonar i ein lyrikk og musikk-mosaikk. Orvedal har skrive det poetiske partituret, resiterer og spelar perkusjon, saman med Torbjørn Dyrud (pipeorgel, flygel), Hildegunn Øiseth (trompet, bukkehorn), Nina de Heney (kontrabass), Benedicte Maurseth (hardingfele, song), Kari Malmanger (song, indiske harmonium) og Ole Ludvig Krüger (trommer, banjo).
 
Frå tidleg i 1980-åra og fram til 2003 var Ivar Orvedal musikkjournalist og musikkmeldar i mellom anna Nye Takter/Arbeiderbladet, Bergens Tidende, Firda, Klassekampen, Dag og Tid, Jazznytt, Rock Furore og Listen to Norway (Norsk Musikkinformasjons internasjonale magasin).
 
I 2006 fekk han Høyanger kommune sin kulturpris.
 
Kjelder
Samtalar og e-post-utveksling med Ivar Orvedal
 
Ivar Orvedal, biografi, forfatterkatalogen.no, http://skrift.no/katalog/index.asp?medlem=orvedal.ivar [lesedato 13.9.2011]

Først publisert: 13.09.2011
Sist oppdatert: 17.04.2018