Faktaboks

Jo Ørjasæter
Fødd
30. august 1925, Fåberg i Lillehammer, Innlandet
Død
12. juli 2006, Bærum, Viken

Jo Ørjasæter var ein norsk omsetjar, forfattar, teater- og litteraturkritikar.

Bakgrunn

Jo Ørjasæter var fødd i Fåberg i Gudbrandsdalen. Han tok eksamen i engelsk bifag ved Universitetet i Oslo i 1946 og vart utdanna Master of Arts i engelsk litteratur ved University of Arkansas i USA i 1948.

Heime i Noreg tok han eksamen i historie bifag ved Universitetet i Oslo i 1950, og han var assisterande rådgivar for utanlandske studentar same staden fram til 1952. Fram til 1955 var han pressesekretær ved Riksteatret og deretter teater- og litteraturkritikar i Nationen, til han nådde pensjonsalderen i 1992. Han var elles ei tid frilansar i NRK og ulike aviser, og han markerte seg som omsetjar gjennom heile karrieren.

Ørjasæter var formann i Kritikerlaget for teater, musikk og dans frå 1972 til 1978. Som far til ein son med autisme engasjerte han seg også sterkt i kampen for å betre dei funksjonshemma sin livssituasjon. Institusjonen Daleløkken i Asker fekk nyte godt av dette arbeidet.

Jo Ørjasæter var sonen til forfattaren Tore Ørjasæter, var gift med litteraturkritikaren og forfattaren Tordis Ørjasæter og var faren til lektoren Elin Ørjasæter og litteraturvitaren Kristin Ørjasæter.

Forfattarskapen

Ørjasæter debuterte som sakprosaforfattar med Våre folkeeventyr. Hva forteller de? i 1982 og skreiv seinare Det Norske Teatrets historie (1988) og Fjernsynsteateret til glede og forargelse (1994). Det siste store arbeidet hans var ein omfattande biografi om Nils Collett Vogt (2004).

Frå verdslitteraturen gjendikta Ørjasæter ei mengd bøker av forfattarar som Arthur Miller, Selma Lagerlöf og Arnold Wesker. Knut Hamsuns skodespel Livets spill omsette han på oppdrag frå Det Norske Teatret. Ørjasæter gjorde dei populære Babarbøkene av Jean de Brunhoff kjende for norske barn, og han omsette bøker av Maria Gripe.

Han tok òg del i nokre samarbeidsprosjekt. I lag med Leif Mæhle redigerte han ei samling dikt av faren, Tore Ørjasæter, i 1985, og han var medforfattar til biografien Nini Roll Anker. En kvinne i tiden (2000) saman med kona Tordis Ørjasæter.

Prisar

Ørjasæter fekk heidersdiplom for barnebokomsetjingar frå den internasjonale H.C. Andersen- juryen i Praha i 1980 og Kyrkje- og undervisningsdepartementet sin omsetjarpris for barnebøkene Dei teier meg i hel av Inger Skote i 1975, Mor er inga heks av Olov Svedelid i 1982 og Det Jamie såg av Carolyn Coman i 1997. Den siste boka fekk han Bastianprisen for i 1998.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg