Hopp til innhold

Jo Ørjasæter

Jo Ørjasæter, produktiv omsetjar av verdslitteratur, forfattar, teater- og litteraturkritikar. Han arbeidde dessutan for å betre dei funksjonshemma sine kår.

Jo Ørjasæter var fødd 30. august 1925 i Fåberg i Oppland og døydde i Bærum 12. juli 2006. Han tok eksamen i engelsk bifag ved Universitetet i Oslo i 1946 og vart utdanna Master of Arts i engelsk litteratur ved University of Arkansas i USA i 1948.
Heime i Noreg tok han eksamen i historie bifag ved Universitetet i Oslo i 1950, og han var assisterande rådgivar for utanlandske studentar same staden fram til 1952. Fram til 1955 var han pressesekretær ved Riksteatret og deretter teater- og litteraturkritikar i Nationen, til han nådde pensjonsalderen i 1992. Han var elles ei tid frilansar i NRK og ulike aviser, og han markerte seg som omsetjar gjennom heile karrieren.
Ørjasæter debuterte som sakprosaforfattar med Våre folkeeventyr. Hva forteller de? i 1982 og skreiv seinare Det Norske Teatrets historie (1988) og Fjernsynsteateret til glede og forargelse (1994). Det siste store arbeidet hans var ein omfattande biografi om Nils Collett Vogt (2004). Frå verdslitteraturen gjendikta Ørjasæter ei mengd bøker av forfattarar som Arthur Miller, Selma Lagerlöf og Arnold Wesker. Knut Hamsuns skodespel Livets spill omsette han på oppdrag frå Det Norske Teatret. Ørjasæter gjorde dei populære Babarbøkene av Jean de Brunhoff kjende for norske barn, og han omsette bøker av Maria Gripe.
Han tok òg del i nokre samarbeidsprosjekt. I lag med Leif Mæhle redigerte han ei samling dikt av faren, Tore Ørjasæter, i 1985, og han var medforfattar til biografien Nini Roll Anker. En kvinne i tiden (2000) saman med kona Tordis Ørjasæter.
Ørjasæter var formann i Kritikerlaget for teater, musikk og ballett frå 1972 til 1978. Han engasjerte seg elles sterkt i kampen for å betre dei funksjonshemma sin livssituasjon. Institusjonen Daleløkken i Asker fekk nyte godt av dette arbeidet.
Ørjasæter fekk heidersdiplom for barnebokomsetjingar frå den internasjonale H.C. Andersen- juryen i Praha i 1980 og Kyrkje- og undervisningsdepartementet sin omsetjarpris for barnebøkene Dei teier meg i hel av Inger Skote i 1975, Mor er inga heks av Olov Svedelid i 1982 og Det Jamie såg av Carolyn Coman i 1997. Den siste boka fekk han Bastianprisen for i 1998.
Kjelder
Herman Berthelsen: Hvem er hvem i norsk kulturliv? Oslo 1987
Kirsten og Otto W. Steenfeldt-Foss: «Jo Ørjasæter», nekrolog i Aftenposten Morgen 25.7.2006
«Jo Ørjasæter er 70 år», Stavanger Aftenblad 26.8.1995
«Jo Ørjasæter 75 år», i Stavanger Aftenblad 2.9.2000
Nils E. Øy (red.): Pressefolk 1997, 7. utgåve. Institutt for Journalistikk 1998

Først publisert: 06.11.2013
Sist oppdatert: 06.11.2013