Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Øian

Johan Øian, 1915–78, var pianist. Øian var tilsett i NRK frå 1945, og han vart særleg kjend gjennom kringkastingsverksemda si. Han hadde også jamleg solistkonsertar i inn- og utland i tillegg til at han var kammermusikar. Øian komponerte og arrangerte ei lang rekkje musikkstykke, mellom anna til tekstar av Alf Prøysen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 13.01.2014