Hopp til innhold

Jostein Øvrelid

Jostein Ragnvald Øvrelid, teikneserieskapar. Han gav teikneserien Ingeniør Knut Berg eit særmerkt uttrykk og var ein framifrå teiknar.

Øvrelid var fødd i Førde 4. september 1910 og døydde 11. august 1983. Etter brevkurs i teikning ved The Press Art School i London tok han utdanning ved Statens handverks- og kunstindustriskule i Oslo 1930–32.
 
Han var teiknar i Nynorsk Vekeblad frå 1934, dessutan i fleire andre aviser og vekeblad, skipa saman med tre andre reklamebyrået Stein Studio i 1934 og var biletredaktør i Norsk Allkunnebok 1948–66.
 
Under pseudonymet Ronald Stone skapte han sciencefictionteikneserien Ingeniør Knut Berg (striper frå 1941, hefte 1943–60), med tekst av Hallvard Sandnes, som eit norsk svar på Lyn Gordon.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
Eirik Helleve: Striper, ruter, bobler. Hovdebygda 2003

Først publisert: 24.07.2009
Sist oppdatert: 29.04.2013