Magni Øvrebotten
Magni Øvrebotten, dagleg leiar i Nynorsk mediesenter. Ho har prega fleire tiårs distriktsjournalistikk i NRK og har bygt opp ein ny type journalistutdanning.
Øvrebotten er fødd i Bremanger 12. juni 1954. Etter sommarvikariat under Per Hålands regime i Gula Tidend i 1971 arbeidde ho seinare som journalist i Bergens Arbeiderblad, Firda, Nationen og Dølaposten, med utdanning ved Norsk Journalisthøgskole 1976–78.
Ho kom til NRK Sogn og Fjordane i 1980, der ho var redaksjonssjef 1985–90 og distriktssjef 1990–2004. I 2004 blei ho tilsett som dagleg leiar ved Nynorsk mediesenter i Førde. Kvart år utdannar denne vesle institusjonen ti nye radio- og fjernsynsjournalistar. Røynslene frå arbeidet førte til at NRK sette i gang arbeidet med å byggje opp ein liknande institusjon for framandkulturelle journalistar.
Øvrebotten var organisatorisk nestleiar i Senterungdommens Landsforbund 1975–1978. Ho var med i interimsstyret for Språkrådet 2004–2006 og var nestleiar i styret i Språkrådet i perioden 2006-2010. Øvrebotten trekte seg frå styret saman med fleire andre, etter konflikt rundt utnemninga av ny direktør i Språkrådet.
I oktober 2013 vart Øvrebotten tildelt Nynorsk redaktørpris.
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
Sist oppdatert: 10.08.2018