Hopp til innhold
X
Innhald

Mari Osmundsen

Mari Osmundsen er psevdonym for Anne Kristine Kia Halling, fødd i 1951. Ho er forfattar og har skrive romanar og novellesamlingar, mellom andre Vi klarer det! (1978), På vei mot himmelen (1978), Gode gjerninger (1984), Familien (1985), Arv (1988), Gutten som slo tida ihjel (1990), Absolvo te (1992), Jentungen (1999) og Selmas vår (2009). Osmundsen skriv òg barnebøker og novellesamlingar, mellom andre WOW (1982) og Sju sannferdige fortellinger (1995). Ho fekk Gyldendalprisen i 1984 og Språklig samlings litteraturpris i 1988.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.04.2016
Sist oppdatert: 29.04.2016