Hopp til innhold
Morten Harry Olsen, foto (C) Gyldendal.
Morten Harry Olsen, foto (C) Gyldendal.
X
Innhald

Morten Harry Olsen

Morten Harry Olsen er forfattar. Olsen fekk Tarjei Vesaas' debutantpris 1985 for "For alt hva vi er verdt".

Morten Harry Olsen, fødd i 1960, er forfattar. Han debuterte med novellesamlinga For alt hva vi er verdt i 1985 og gav vidare ut En dans til i 1988. Olsen har òg skrive romanar og spenningsromanar: Mississippi (1990), Syndenes forlatelse (1991), Begjærets pris (1993), Tilfeldig utvalg (1996), Mord og galskap (2000), Mississippi. Neo (2002), Størst av alt (2004) og Adrian Marconis store sorg (2010). Av essaysamlingar nemner vi Tråder (1989) og Golfballens flukt (2007). Skodespelet Mannen som hatet duer kom i 1992. Olsen fekk Tarjei Vesaas' debutantpris 1985 for For alt hva vi er verdt. I 1993 fekk han Rivertonprisen for Begjærets pris.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.04.2016
Sist oppdatert: 29.04.2016