Hopp til innhold
Olav Øyaland, fotografert rundt 1994. Foto: Spelemannsbladet. Nytta etter avtale.
Olav Øyaland, fotografert rundt 1994. Foto: Spelemannsbladet. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Olav Øyaland

Olav K. Øyaland, linjemontør, bonde og hardingfelespelar som førte vidare tradisjonen etter Knut Dahle og Håvard Gibøen.

Olav K. Øyaland var fødd 30. august 1922 i Tinn og døydde 22. mars 2019. I tillegg til å spele fele arbeidde han som linjemontør og dreiv seinare garden Brynjulfsrud i Tinn saman med kona Gunnbjørg Øyaland.
Øyaland byrja å spele fele som 12-åring, noko han først lærte av faren Kristen Øyaland og seinare av Johannes Dahle (1890–1980). Sistnemnde førte Øyaland inn i tradisjonen etter farfaren sin, Knut Dahle (1834–1921). I tillegg fekk Øyaland som ein av dei aller første lære slåttar Johannes Dahle sjølv hadde komponert, og desse blei òg ein sentral del av repertoaret hans. Øyaland blir rekna som ein av dei viktigaste vidareførarane av Dahle-tradisjonen, eller det Eivind Groven har kalla «det gamle tinnspelet», som kan førast heilt tilbake via Håvard Gibøen (1807–73) til 1700-talet.
Spelet til Øyaland hadde markerte innslag av naturtonalitet, intrikat ornamentikk og drivande rytmikk. Han vann A-klassa på landskappleiken to gonger: i 1993, der han delte førsteplassen med Øyvind Brabant, og i 1997. Han var gjennom mange år leiar for Tinn spelemannslag og blei heidersmedlem i Landslaget for spelemenn i 1992.
I 1995 gav Buen Kulturverkstad ut plata Haugelåt, som inneheld opptak av Øyaland frå perioden 1968–94. Han var òg representert med to slåttar på utgivinga Håvardspel. Slåttar etter Håvard Gibøen (2009).

Kjelder

Knut Buen: Omslagstekst til CD-en Haugelåt. Buen Kulturverkstad 1995
Anne Hytta: «Ein blei mett når ein høyrde det», Årbok for norsk folkemusikk 2007

Peikarar

Knut Buen: «Til minne om Olav Øyaland 1922–2019», rablad.no, publisert 7.4.2019

NRK: «Gangar frå Tinn». Birgit Dale og Kjetil Olsrud dansar, Olav Øyaland spelar hardingfele, nrk.no

Først publisert: 03.01.2012
Sist oppdatert: 17.02.2020