Hopp til innhold
X
Innhald

Ole Tobias Olsen

Ole Tobias Olsen, altmoglegprest, folkeminnesamlar og fotograf. Han var ein av dei første amatørfotografane i Noreg og «far til Nordlandsbanen».

Ole Tobias Olsen var fødd 18. august 1830 i Dunderlandsdalen i Rana og døydde 6. juli 1924 i Kristiania. Han tok lærareksamen ved Tromsø Seminarium i 1852, var lærar i Hadsel og i Kristiania, vart så student i 1860 og fullførte presteutdanning ved universitetet i Kristiania i 1866.
Han hadde vanskar med å få prestestilling, og dei neste åra følgde han førelesingar ved universitetet og livnærte seg av privatundervisning, urmakararbeid, pianostemming og fotografering. Han var ein av fotopionerane her i landet. Alt i 1863–64 hadde han skaffa seg eit fotoapparat, og på ein ombygd trehjula velosiped sykla han rundt i Kristiania og tok bilete. Frå 1873 til 1882 arbeidde han som teknisk fotograf og assistent ved jernbanekontoret i Kristiania. På denne tida fann han òg opp blåkopiteknikken.
Frå 1883 til 1904 var han sokneprest i Hattfjelldal, der han hadde fleire kommunale verv. Han var både ordførar og amtsordførar. På ein tur i Storbritannia i 1862 hadde han fått ideen om ein jernbane gjennom Nordland som skulle gjere det lettare å frakte fisk. Han var medlem av jernbanekommisjonen for Nordland frå 1885 og er kjend som «far til Nordlandsbanen».
Som pensjonist budde han i Kristiania. I 1870 hadde han fått stipend for å samle inn eventyr, segner og folketonar frå Rana. Han ordna no materialet og gav i 1912 ut Norske folkeeventyr og sagn samlet i Nordland. I 1982 kom Folketonar frå Nordland, redigert av Øystein Gaukstad. Glasplatenegativa til fotografia hans, over tusen i talet, vert oppbevarte i Nasjonalbiblioteket i Oslo og i Oslo Museum. Fleire av fotoapparata finst på Norsk Teknisk Museum i Oslo.
I 1919 vart Olsen utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.
Kjelder
Joh. E. Bergwitz: Studenterne fra 1860. Kristiania 1910
Anne-Kari Bjellånes: «Nordlandsbanens far O.T. Olsen», Årbok for Rana 1983. Mo i Rana 1983
Susanne Bonge: Eldre norske fotografer. Oslo 1980
Just Broch: Ole Tobias Olsen og Nordlandsbanen. Oslo 1945
Hallgeir Elstad: «Olsen, Ole Tobias», Norsk biografisk leksikon, bd. 7. Oslo 2003
Roger Erlandsen: Pas nu paa! Nu tar jeg fra Hullet! Om fotografiens første hundre år i Norge – 1839–1940. Oslo 2000
Ivar Roger Hansen: «Ole Tobias Olsen – med folketradisjonen inn i det moderne Nord-Norge», Ottar 214, Tromsø 1997
Ole Tobias Olsen: Christiania og Omegn. Otteogtyve bilder fotografert af Ole Tobias Olsen. Oslo 1963
Ole Tobias Olsen: Folketonar frå Nordland, redigert av Øystein Gaukstad. Oslo 1982
O.T. Olsen: Nogle Innlednings-Salmer. Kristiania 1891
O.T. Olsen: Norske folkeeventyr og sagn samlet i Nordland. Kristiania 1912
A.F.W. Prytz: «Sogneprest Ole Tobias Olsen. 1830–1924», Norvegia sacra 1924. Kristiania 1924
L.O. Skjegstad: «En samtidsskildring av Ole Tobias Olsen», Årbok for Rana 1988. Mo i Rana 1988
Christian Wiik: Tromsø-seminarister 1829–1879. Oslo 1948
Nils Andreas Ytreberg: Vær hilset! Nordlændingernes Forening 1862–1962. Oslo 1962
Peikarar

Først publisert: 26.11.2011
Sist oppdatert: 26.11.2011