Hopp til innhold
X
Innhald

Ottar Odland

Ottar Odland, kringkastingsmann og omsetjar. Reportasjane var prega av korthogne setningar og stilsikker nynorsk.

Ottar Odland var fødd i Tysvær 19. november 1920 og døydde i Sola 26. november 2000. Han vart cand.philol. med fransk hovudfag ved Universitetet i Oslo i 1953. Same året byrja han i Dagsnytt i NRK. I 1961–63 var han i programredaksjonen i fjernsynet, var så redaksjonssekretær i utanriksavdelinga i radio og deretter korrespondent i Paris 1965–70 og i Washington DC 1970–73.
 
Reportasjane vart borne fram med malmfull røyst, korthogne setningar og sikker nynorsk stilkjensle. Medan han var i Paris, gjorde han mykje for å formidle fransk kultur. Frå 1973 til 1987 var han distriktssjef for NRK Rogaland. Minne frå tida i NRK samla han i 1996 i skriftet År i NRK.
 
Odland omsette om lag 30 skjønnlitterære bøker og høyrespel frå svensk, dansk, tysk, engelsk og fransk.
 
Kjelder
Trond Bøe: «Lokal-TV og barn er våre trumfkort», avisintervju med Ottar Odland, Aftenposten 12.10.1987
Hans Fredrik Dahl og Henrik G. Bastiansen: Over til Oslo. NRK som monopol 1945–1981. Oslo 1999
Jørn Enger: Hele landet på lufta. Historien om NRKs distriktskontorer. Oslo 2006
Gunnar Gran: Men radioen var ikke død. NRK i oppbruddstiden på 60- og 70-tallet – sett fra innsiden. Oslo 2000
Helge Misje: Minneord, Haugesunds Avis 06.12.2000
NTB: «Ottar Odland 75 år 19. november», pressemelding, 27.10.1995
Ottar Odland: «Gløtt frå førkrigs- og krigstid i Tysvær», i Liv og Lagnad i Tysværbygdene. Årsskrift Tysvær historie- og ættesogelag 1991
Ottar Odland: År i NRK, NRK Distriktsdivisjonen. Oslo 1996
Sigvart Østrem: «Ottar Odland», minneord, Aftenposten, 08.12. 2000

Først publisert: 15.02.2011
Sist oppdatert: 27.05.2011