Hopp til innhold
X
Innhald

Øyvind Skaldespelar

Øyvind Skaldespelar, Eivindr (Finnsson) skáldaspillir, ca. 915–990, var skald og skreiv diktet "Hákonarmál" etter at Håkon den gode døydde i 961. Delvis tekne vare på er òg Háleygjatal og 14 lausavisur. Tilnamnet skáldaspillir, "skaldefordervar", har uvener truleg sett på han fordi han følgde eldre førebilete. Mor til Øyvind var dotterdotter av Harald Hårfagre, og sonen hans var Hårek av Tjøtta.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.03.2013
Sist oppdatert: 18.03.2013