Hopp til innhold
Portrett av Pål Gerhard Olsen. Foto (C) Trude Rønnestad/Gyldendal med løyve for Allkunne.
Portrett av Pål Gerhard Olsen. Foto (C) Trude Rønnestad/Gyldendal med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Pål Gerhard Olsen

Pål Gerhard Olsen er forfattar og kritikar.

Pål Gerhard Olsen, fødd i 1959, er forfattar og kritikar. Han debuterte med romanen Svart, svart – og et tynt lag hvitt i 1985, følgd av mellom anna Libero (1986), Den eneste andre (1989), Blodets sang (1991), Den sanne historien (1994), Fredstid (2000), Pinse (2003) og Skikongen (2011). Olsen har skrive fleire kriminalromanar om privatetterforskaren Aron Ask: Mørk april (1987), Overspill (1990), Rødt regn (1992), Isdronningen (1995), Oslo-piken (1998), Tusenårsriket (2002), Nattmusikk (2005) og Bakmennene (2010). Han skriv òg skodespel og ungdomsromanar, og han er krimkritikar i Aftenposten.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.04.2016
Sist oppdatert: 29.04.2016