Hopp til innhold
X
Innhald

Paul Okkenhaug

Paul Okkenhaug (1908–1975) var son av Sigrun Okkenhaug. Han var organist i Levanger og komponist. 

Mest kjend er han nok for musikken til Spelet om Heilag Olav med tekst av Olav Gullvag, som vart framført første gong i 1954. Han har også komponert musikken til mora sin tekst «Voggevise». Også hans «Levanger-kantate» har blitt oppført i nyare tid.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 06.11.2019
Sist oppdatert: 06.11.2019