Hopp til innhold

Sigbjørn Bernhoft Osa

Sigbjørn Bernhoft Osa, spelemann frå Voss som spreidde tradisjonsmusikk til nye grupper gjennom karismatisk sceneframferd og iøyrefallande repertoar, gjerne i uvande musikalske samanhengar.

Sigbjørn Bernhoft Osa var fødd 3. mai 1910 i Ulvik i Hordaland og døydde 2. februar 1990 på Voss. Han lærte å spele hardingfele av faren, biletkunstnaren og musikaren Lars Osa, og byrja å ta fiolintimar hos Bjarne Brustad i Oslo i 1926. I tillegg studerte han fiolinspel ved Harmoniens orkesterskole i Bergen (1929–30), hos Sigfried Eberhart i Berlin (1931–32) og hos Emil Telmányi i København (1952 og 1973). Han heldt debutkonserten sin som fiolinist i Oslo i 1937 og var tilsett i Kringkastingsorkesteret dei første åra etter krigen.
I 1950-åra byrja Osa å verke som konsertartist nasjonalt og internasjonalt, med hardingfele som hovudinstrument. Han gjorde også eit omfattande innsamlingsarbeid av folketonar og slåttar. Han var leiar i Landslaget for spelemenn (1946–48) og grunnla Ole Bull-akademiet på Voss (1977), der han òg var leiar den første perioden. Han har gitt ut læreboka Hardingfela (1952) og sjølvbiografien Spelemannsliv (1979, fortalt til Jostein Mæland). Osa var statsstipendiat frå 1952.
Osa vann A-klassen på landskappleiken i 1951, og til dei viktigaste utmerkingane hans høyrer Kongens fortenestemedalje i gull (1965), heidersmedlem i Landslaget for spelemenn (1973), Riddar av St. Olavs orden 1. klasse (1973), Spelemannsprisen sin heiderspris (1974) og Norsk kulturråds ærespris (1976).
Repertoar
Sentralt i repertoaret til Osa stod slåttestoff frå Voss og Hardanger, til dømes Sjur Helgelands «Budeiene på Vikafjell». Påverknad frå setesdalsspelet kan høyrast i den tydelege, jamne rytmikken hans. Samstundes er bakgrunnen hans frå kunstmusikken tydeleg. Osa framheva melodilinjene i slåttestoffet og heldt seg konsistent til eigenutvikla, klare slåtteformer utan særleg innslag av ornamentikk. Som Gunnar Stubseid har framheva, var han lite interessert i å høyre til bestemte tradisjonslinjer eller å dyrke fram lokale variantar av tradisjonstilfanget. For han var folkemusikken først og fremst nasjonal. I 1950-åra tok han også til å byggje om hardingfelene sine slik at spelet fekk svakare understrengsklang, noko som gjorde musikken lettare tilgjengeleg.
I 1934 danna Osa saman med Alfred Maurstad og Eivind Groven Hardingfeletrioen, som hadde ei rekkje framføringar i radio. Ved sida av unisont spel er trioen særleg kjend for å spele arrangert folkemusikk, der Osa og Groven spelte sistnemnde sine nyskrivne understemmer til stoff som Maurstad framførte på tradisjonelt vis. I perioden 1948–1978 spelte Osa inn om lag 350 slåttar for NRK. I tillegg til klassiske slåttar og eigne komposisjonar spelte han òg ofte runddansmusikk og svenske populærmelodiar, gjerne i trio med Håkon Nilsen på bass og Robert Normann på gitar. Eit utval innspelingar kan høyrast på CD-plata Sigbjørn Bernhoft Osa (Buen kulturverkstad 1990).
Entertaineren
Osa har eit legendarisk ettermæle som konsertartist, ikkje berre i kraft av sine musikalske evner, men også som forteljar, kåsør og humorist. Han hadde ei sjeldan evne til å fengje publikum, og han kom til å spreie ny kunnskap om og interesse for folkemusikk i Noreg. Kjende musikalske milepålar i livet hans er framsyninga «Dans ropte fela», som han turnerte med i USA og Europa (1960–61), urframføringa av Geirr Tveitts konsert nr. 2 for hardingfele og orkester, «Tri fjordar», (1965, plateinnspeling 1978) og konserten med rockegruppa Saft på Ragnarockfestivalen (1973).
Kjelder
Bjørn Aksdal: «Sigbjørn Bernhoft Osa», Norsk biografisk leksikon, bd. 7. Oslo 2003
Gunnar Stubseid: Sigbjørn Bernhoft Osa. Spelemannen, slåttane, sogene, samtida. Bergen 2003

Først publisert: 16.09.2011
Sist oppdatert: 05.12.2012