Hopp til innhold
Sigrun Okkenhaug
Sigrun Okkenhaug
Foto: Privat. Nytta etter avtale med Erling Okkenhaug.
X
Innhald

Sigrun Okkenhaug

Sigrun Okkenhaug var forfattar og bondekvinne med lokalpolitisk engasjement. Ho var ei av dei første som skreiv kvinne- og barnelitteratur på nynorsk.

Sigrun Okkenhaug (f. Vestrum) var fødd i Levanger 10. september 1889 og døydde 30. august 1939. Etter Sund folkehøgskule gifta ho seg 18 år gamal med Fredrik Okkenhaug frå Frol, nær Levanger. Trass i ein krevjande kvardag, elleve fødslar og sorg over eit barn som døydde, fekk Okkenhaug tid til sosialt arbeid utanfor heimen. Ho var leiar av Kvinnerådet i Levanger 1935–36 og leiar av Frol sanitetsforening 1937–1939. I Frol stifta ho husmorlag, sat i skulestyret og var med i mållaget Andvake, i ungdomslag og i fattigkommisjonen.

Okkenhaug debuterte tretti år gamal med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919. Ho skreiv i alt tretten bøker for barn og vaksne. Okkenhaug nytta ulike sjangrar: romanar, noveller og skodespel, og dessutan dikt og artiklar. Ho fekk publisert fleire av arbeida sine i mellom anna For Bygd og By, Nidaros, Norsk Barneblad og Magne. Då ho var i ferd med å etablere seg som forfattar på heiltid, døydde ho, nær 50 år gamal.

Ho vart tidleg oppteken av fråhaldssak og skreiv indignert om fattigdom, sosial urett og forskjellar mellom by og land. Ho ytra seg modig om kvinners driftsliv, og var slik kontroversiell for si tid. Eit døme er når ho skriv om tabuet abort i romanen Den vene skåla 1935.

Dei siste bøkene ho gav ut, kom begge i 1938. I barneboka Desideria får avløysing tek ho mellom anna opp eit alvorleg helseproblem i samtida, nemleg lungesjukdomen tuberkulose. Novellesamlinga Merket var den einaste boka ho skreiv på bokmål. Ho tematiserer her dei svartaste sidene ved menneskelivet, mellom anna incest, sosialt avvik, skuldkjensle, sinnssjukdom og fordommar.

Den religiøse Okkenhaug høyrer heime i ein nyrealistisk tradisjon. Ho forkynner ikkje direkte, men skriv om den røyndommen ho kjenner. Ho har eit opplysande og oppdragande siktemål i mange av bøkene.

Språket er lettfatteleg og konkret. Ho nyttar gjerne lydmålande ord, men er forsiktig med bruk av framandord og språklege bilete. Replikkane karakteriserer ofte personane i handlinga gjennom ordval, dialektinnslag, bymål eller barnespråk.

Kjelder

Tone Birkeland ofl.: Norsk barnelitteraturhistorie. Oslo 1997

Inger Lise Breivik ofl.: Kvinner i nynorsk prosa. Oslo 1980

Irene Engelstad ofl.: Norsk kvinnelitteraturhistorie, bd. 2. Oslo 1989

Sonja Hagemann: Barnelitteratur i Norge 1914–1970. Oslo 1978 (1974)

Tordis Ørjasæter ofl.: Den norske barnelitteraturen gjennom 200 år. Oslo 1981

100-årsbetning for Frol sanitetsforening 2006

Peikarar

Digitaliserte bøker av Sigrun Okkenhaug på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Først publisert: 14.09.2011
Sist oppdatert: 12.06.2018