Hopp til innhold
Sigvart Østrem. Privat foto, brukt med løyve for Allkunne.
Sigvart Østrem. Privat foto, brukt med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Sigvart Østrem

Sigvart Østrem, journalist. I 40 år var han ein stilsikker nynorskbrukar i NRK.

Sigvart Østrem er fødd 30. desember 1942 i Etne i Hordaland. Han tok artium ved Hordaland Fylkeskommunale Gymnas i Bergen i 1961 og tok seinare mellomfag i statsvitskap og sosiologi ved Universitetet i Oslo i 1966 og 1968.

I åra 1962 til 1964 var han journalist i Haugesunds Avis. Frå 1967 til 2009 arbeidde han i NRK, med unntak av åra 1970–72, då han underviste ved School of Journalism i Nairobi i Kenya.

I åra 1967–70 var han programsekretær i NRK Dagsnytt, og i 1972–82 programsekretær i NRK Rogaland. Frå 1982 til 1989 arbeidde han som spesialmedarbeidar for olje og energi i NRK Radio. Han var redaksjonssjef i NRK Rogaland 1989–90 og distriktssjef frå 1990 til 2000. I alle år i NRK markerte han seg som ein stilsikker nynorskbrukar.

I perioden 2000-2008 var Østrem journalist og mediekommentator for NRK Dagsnytt.

Det siste året i arbeidslivet, frå 2008 til 2009, arbeidde Østrem for Arkiv & Research i NRK. Der gjekk han mellom anna gjennom program og råopptak frå tida som oljemedarbeidar med sikte på Det digitale radioarkivet, eit samarbeid mellom NRK og Nasjonalbiblioteket.

Østrem var våren 1967 leiar for Studentmållaget i Oslo. I 1988 vart han heidra med Kringkastingsringen sin kringkastingspris for på framifrå vis å ha fremja bruken av nynorsk i radioprogramma sine.

Kjelder

Olav Almenningen mfl. (red.): Studentar i målstrid. Studentmållaget i Oslo 1900–2000. Oslo 2003

Elisabeth Bie: «Støvete arkivperler blir digitale». Stavanger Aftenblad 15.1.2009
Flemming Dahl: «Aktuell profil: Oljereporter med skrutrekker». Stavanger Aftenblad 21.3.1989
«Lat nynorsken bløma». Intervju med Sigvart Østrem. Stavanger Aftenblad 4.6.2010
Magne Olsen: «Mannen som kunne le». Intervju med Sigvart Østrem. Stavanger Aftenblad 27.6.2009
Tormod Strømme og Marit Aakre Tennø: Med hjartet på rette staden. Kringskastingsringen 50 år. Oslo 2005

Nils E. Øy (red.): Pressefolk 1997. Institutt for journalistikk 1998

Torunn Tørneng: «Sigvart Østrem», nrk.no, publisert 22.12.2006, http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/rogaland/om_nrk_rogaland/1.1449952

[lesedato 11.3.2012]

E-post frå Østrem 19.10.2015

Først publisert: 05.06.2012
Sist oppdatert: 19.10.2015