Hopp til innhold
X
Innhald

Steinar Ofsdal

Steinar Ofsdal, fødd 1948, er musikar, hovudsakleg fløytist. Ofsdal har særleg arbeidd med norsk og utanlandsk folkemusikk, og han har gitt ei rekkje konsertar. Han har dessutan medverka på ei mengd plateinnspelingar både som utøvar, arrangør, komponist og produsent. Mellom anna har han samarbeidd mykje med Lillebjørn Nilsen. Ofsdal var med i gruppa Bukkene Bruse frå 1989.
Foto: Noregs musikhøgskule.
Foto: Noregs musikhøgskule.
Ofsdal fekk Spellemannprisen i 1983 og 1989 og saman med Bukkene Bruse i 1993. Han er i dag professor ved Noregs musikkhøgskule.
 
Sjå Steinar Ofsdal saman med Sissel Kyrkjebø i eit opptak frå 1986:
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.10.2013
Sist oppdatert: 18.10.2013