Hopp til innhold
X
Innhald

Steinar Opstad

Steinar Opstad, poet som skriv dikt med bibelske motiv og allusjonar. Familierelasjonar, naturskildringar og eksistensielle spørsmål står sentralt i diktinga hans.

Steinar Opstad er fødd 28. juni 1971 i Stokke kommune i Vestfold og bur i Oslo. Han gjekk ut av Tønsberg gymnas (no Greveskogen videregående skole) i 1990. Frå 1990 til 1991 gjekk han på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Seinare har Opstad teke grunnfag i tysk og litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen (1992–94) og mellomfag i religionshistorie og litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo (1994–96). Dette førte fram til cand.mag.-graden i 1996.

I tillegg til å vere forfattar har Opstad arbeidd som forlagskonsulent og med poesiformidling på ulike arenaer.

Han debuterte i 1996 med Tavler og bud, ei samling lyrisk forteljande dikt om oppvekst og familie, med varme naturskildringar og bibelske motiv. Poesien hans er prega av klare, men tankefulle bilete og vitnar om musikalsk sans. Religion, familie og natur står sentralt også i Den alminnelige (1998), Analfabetisk (2000), Synsverk (2002) og Samle øksene inn for kvelden (2005). I Avhymninger (2009) finst det meir eksplisitt politiske dikt, medan Å, høye dag (2013) er roleg og sanseleg i sine skildringar av einsemd, lengsel og tid. Himmelretninger. Essays om dikt og diktning (2012) er ei reflektert og engasjert essaysamling som viser at Opstad også er ein god lesar og lyrikkformidlar. I 2006 kom Det jeg synger om er enkelt. Dikt i utvalg.

Opstad var redaktør for boka Men sannheten kom som et dikt (2003), ein antologi med norsk samtidslyrikk. Han har òg redigert Til Cecilie. Festskrift til Cecilie Løveid på 60-årsdagen (2011). Opstad sine dikt er gitt ut på svensk i Den lyckligaste av alla ensamheter (2012) og Under en omvänd himmel (2014).

Han fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris i 1996 for Tavler og bud. Han har òg fått Aschehougprisen i 2003, Sult-prisen i 2006 og Rolf Jacobsens lyrikkpris i 2007.

Video: Steinar Opstad og Marie Lundquist les på Litteraturfestivalen på Lillehammer 22.5.2014, youtube.com.

Kjelder

E‑post frå Steinar Opstad 16.1.2015

Forfattarprofil på Kolon forlag sin nettstad, kolonforlag.no: http://www.kolonforlag.no/authors/details/36 [lesedato 12.1.2015]

Marit Grøtta: «Dikteren og tiden», bokmelding på nrk.no, publisert 30.11.2013: http://www.nrk.no/kultur/bok/_a_-hoye-dag_-1.11387256 [lesedato 12.1.2015]

Oddmund Hagen: «Moden debutant», bokmelding i Dag og Tid 16.1.1997: http://old.dagogtid.no/arkiv/1997/03/bokm1.html [lesedato 12.1.2015]

Peikarar

Kristine Næss intervjuar Opstad i Dagbladet 7.7.1997

Først publisert: 24.08.2015
Sist oppdatert: 24.08.2015