Faktaboks

Tor Obrestad
Fødd
12. februar 1938, Obrestad i Hå, Rogaland
Død
25. januar 2020, Nærbø i Hå, Rogaland
Verke
Forfatter
Familie

Foreldre: Bonde Jon R. Obrestad (1908–97) og Sophie Riise (1909–).

Tor Obrestad. Foto frå 1968.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Tor Obrestad var ein norsk lyrikarar, novellist og romanforfattar. Obrestad skreiv òg ei rekkje biografiar, skodespel og artikkelsamlingar om litteratur, samt fleire gjendiktingarnynorsk. Han skreiv programartiklane då ei gruppe unge forfattarar i 1966 hadde teke over studenttidsskriftet Profil.

Bakgrunn

Tor Obrestad blei fødd på Forus i Rogaland og døydde på Nærbø i i Rogaland. Han voks opp på Obrestad på Jæren, var odelsson og skulle bli bonde, men overlét garden til ein yngre bror. Det tradisjonelle bygdesamfunnet han voks opp i på Jæren har sett tydelege spor i diktninga til Obrestad.

Obrestad gjekk først Landbrukets folkehøgskoleMysen i 1956, tok examen artium ved Rogaland offentlege landsgymnas i 1959, deretter eksamen ved Elverum lærarskule i 1961. Obrestad arbeidde som lærar i to år før han tok engelsk mellomfag i 1965 og pedagogikk mellomfag i 1966 ved Universitetet i Oslo.

Forfattarskapen

I 1966 debuterte Obrestad med diktsamlinga Kollisjon og novellesamlinga Vind. Seinare har han veksla mellom å skrive lyrikk og prosa. I tillegg til forfattarvirket var han forlagskonsulent i Gyldendal i ei årrekkje og litteraturkritikar i Aftenposten i 1966–1968. I Stavanger Aftenblad var han litteraturkritikar i 1983–1992 og journalist i 1992–2005.

Som sentralt medlem av Profil-krinsen var han ein aktiv deltakar i det modernistiske oppbrotet i 1960-åra. I 1968 var han med på etableringa av Norsk Forfattarsentrum. Omkring 1970 gjekk han over i marxist-leninistane sine rekker og skreiv paroledikt, for seinere å igjen vende tilbake til utgangspunktet. Obrestad sin forfattarskap er òg prega av eit forsøk på å forankre diktinga motivisk og språkleg i ein folkeleg kultur, blant anna gjennom bruken av nynorsk.

Skrivestil

Med debutsamlinga Kollisjon (1966) fornya Obrestad diktspråket ved å reinse det for litterære klisjear, abstraksjonar og daudt biletspråk. I dei neste diktsamlingane utvida han diktspråket sitt meir ved å opne det for røyster, situasjonar og perspektiv frå ei levande samtid. Her nytta han topografiar som Jæren, det nordiske sommarlandskapet eller mindre stader og rom der menneske lev og ferdast. Bruken av eit «vi» eller «eg» vendt mot eit «du» gjer dikta på same tid poengterte og samtalande, gjerne med magisk funksjon mot situasjonar og opplevingar, der velkjent og ukjent møtest i lange, fulltonande rytmar.

Politisk litteratur

Eit sterkt politisk engasjement prega forfattarskapen i 1970-åra, med ideologiske dikt og to politisk-agitatoriske romanar. Obrestad gjekk derimot ikkje over til ein meir sosialrealistiske skrivemåten som andre av dei marxist-leninistiske forfattarane på den tida. I staden for ideologiserande historieskriving i romanform kom Obrestad med reportasjeromanar som greip direkte inn i streikekampar, vekte oppstyr og fekk politisk verknad med store opplag. Parolar og kommunistisk streikelære, rapportar og referat er skrive saman med ulike røyster i ein kollasj-komposisjon som gjer stilen rå og meir direkte, prega av aksjonisme og Sartre heller enn leninisme.

Sentralt i Obrestad sitt tidlege forfatterskap står collage-romanen Marionettar (1969). I 1970-åra fekk han merksemd med dei to halvdokumentariske streikeromanane Sauda! Streik! (1972) og Stå på! (1976). Politisk engasjement pregar også novellene i Tolken (1975). Samlinga Forsøk på å halda fast tida (1993) er meir samansett enn dei tidlege verka til Obrestad. Romanen Vi skal kle fjellet med menneske og våpen (2006) handlar blant anna om ml-rørsla si vekst og fall, med forsøk på å forklare kva som skjedde og korleis det kunne hende. Den revolusjonære tittelen er henta frå eitt av Obrestad sine eigne dikt.

Lyrikk

Som lyrikar vekslar Obrestad mellom sentrallyriske motiv, gjerne forankra i naturbilete, og agitasjonslyrikk i samlingar som Den norske løve (1970), Sauda og Shanghai (1973), Stå saman (1974) og Vinterdikt (1979). I Misteltein (1987) og Mimosa Myosotis Rosmarin (1994) utnyttar Obrestad stoff frå norrøn mytologi, medan Ohrid. Reisedagbøker (1999) er nakne reisedikt om dødsmedvit, vondskap og vitalisme. Samlinga Himmelen over Vålandsskogen (2009) rommar natur- og heimstadslyrikk.

Etter den ideologiske fasen kom det frå 1988 fire store diktsamlingar, som utgjer høgdepunkt i forfattarskapen til Obrestad. Erotiske kjærleiksdikt er sentrale i desse bøkene, slik som i Ohrid, der kjærleiksdikta er eit samlande perspektiv i ein syklus frå Balkan. Gjennom det lyriske uttrykket viser forfattaren korleis avleira hat får nytt liv og gjer krigane på Balkan mogleg. Forfattaren har sett dette lyriske perspektivet inn i ein forteljande samanheng, som gjer menneske synlege før, i og etter krigane på Balkan. Lyriske topografiar frå mange land og fleire kontinent levandegjer korleis krigane i det nye tusenåret verka inn på liv og tenking langt borte frå krigssonene, og hindrar glede og livskjensle.

Biografiar

Sentralt i den seinare forfatterskapen til Obrestad står biografiane Arne Garborg (1991), Hulda (1992) og Sannhetens pris. Alexander L. Kielland (1996), som både ber preg av diktarisk innleving og solid dokumentasjon. Obrestad sette desse og andre forfattarar i eit anna lys enn før, og forståingsmåten og livstolkinga i desse bøkene og artiklane er typisk for den eksistensialismen som ligg som ein filosofisk botn i heile forfattarskapen hans. Blant dei biografiske arbeida høyrer også To par (1998), ei bok om brevvekslinga mellom Alexander Lange Kielland og Louise og Viggo Drewsen, samt boka Einar Førde. Ein biografi (2007).

Anna litterær verksemd

Obrestad har også vore aktiv som kritikar og essayist, gjendiktar og barne- og ungdomsbokforfattar. Eit utval av artiklar og essay skrivne av Obrestad er samla i Tenningar. Skrivestykke gjennom 20 år (1986). Gjendiktingane omfattar utgjevingar av blant andre William Blake, Ho Chi Minh, Mao Zedong, Robert Bly og Raymond Carver.

Utmerkingar

Bibliografi

  • Folk (Dikt, Kusymre, 2019)
  • Landa. Landsbyen som blei luft (Drama, Jærbladet, 2011)
  • Jærbuar og andre rogalendingar (Prosa, Jærbladet, 2010)
  • Himmelen over Vålandskogen (Lyrikk, Gyldendal, 2009)
  • Dikt i samling : 1966-1999 (Lyrikk, Gyldendal, 2008)
  • Einar Førde (Biografiar og memoarar, Samlaget, 2007)
  • Vi skal kle fjellet med menneske og våpen (Roman, Gyldendal, 2006)
  • Søk. (Essays, Gyldendal, 2005)
  • Kvinnene i Casablanca. (Noveller, Gyldendal, 2002)
  • Hulda. Om Hulda Garborg. (Biografiar og memoarar, Gyldendal, 2001)
  • Arne Garborg. (Biografiar og memoarar, Gyldendal, 2001)
  • Krokodillen Alexander og navigator emeritus, Reinert i Sjøhusgaten (Roman, Gyldendal, 2001)
  • Krokodillen Alexanderog navigator emeritus, Reinert i Sjøhusgaten. (Roman, Gyldendal, 2001)
  • Mansur Rajih: Horoskop: Fengsel? Horoskop: Kjærleik. (Gjendiktning, Cappelen, 2000)
  • Ohrid (Lyrikk, Wigestrand Forlag, 1999)
  • To par. (Biografiar og memoarar, Cappelen, 1998)
  • Bernhards mor (Roman, Wigestrand Forlag, 1998)
  • Eld or blått. Littære tekster/foto. (Gyldendal, 1997)
  • Dylan Thomas: 30 dikt. (Gjendiktning, Cappelen, 1996)
  • Sannhetens pris. Alexander Kielland. (Biografiar og memoarar, Cappelen, 1996)
  • Dikt i utval 1966 – 1994. (Lyrikk, Cappelen, 1995)
  • Mimosa Myosotis Rosmarin. (Lyrikk, Cappelen, 1994)
  • Menneske i vindens rike. (Noveller, Gyldendal, 1993)
  • Forsøk på å halda fast tida. (Noveller, Gyldendal, 1993)
  • Hulda. (Biografier og memoarer, Gyldendal, 1992)
  • Anna Swirczszynska: Eg er kvinnfolk. (Gjendikting, Gyldendal, 1990)
  • Seks netter, seks dagar. (Roman, Gyldendal, 1989)
  • Raymond Carver: Men sjela er også ein glatt dævel. (Gjendikting, Gyldendal, 1988)
  • Misteltein. (Lyrikk, Gyldendal, 1987)
  • Tenningar. Skrivestykke gjennom 20 år. (Gyldendal, 1986)
  • Kamelen i Jomarskogen. (Barnebok, Gyldendal, 1985)
  • Sjå Jæren, gamle Jæren. (Noveller, Gyldendal, 1982)
  • Ein gong må du seie adjø. (Roman, Gyldendal, 1981)
  • Reisa til bestemor. (Barnebok, Gyldendal, 1980)
  • Vinterdikt. (Lyrikk, Gyldendal, 1979)
  • Giang Nam: Heimlandet mitt. (Gjendikting, Gyldendal, 1978)
  • Oljearbeidarar. (Sakprosa, Grøndahl, 1977)
  • Stå på! (Roman, Gyldendal, 1976)
  • Tolken. (Noveller, Gyldendal, 1975)
  • Stå saman. (Lyrikk, Gyldendal, 1974)
  • Sauda og Shanghai. (Lyrikk, Gyldendal, 1973)
  • Robert Bly: Utvalde dikt (medf). (Gjendikting, Samlaget, 1972)
  • Sauda! Streik! (Roman, Gyldendal, 1972)
  • Mao Tsetungs dikt (medf). (Gjendikting, Gyldendal, 1971)
  • Den norske løve. (Lyrikk, Gyldendal, 1970)
  • Ho Chi Mihn: Dagbok frå fengslet. (Gjendikting, Pax, 1969)
  • Marionettar. (Roman, Gyldendal, 1969)
  • Vårt daglige brød. (Lyrikk, Gyldendal, 1968)
  • William Blake: Gjendiktning og essays. (Gjendikting, Gyldendal, 1967)
  • Vind. (Noveller, Gyldendal, 1966)
  • Kollisjon. (Lyrikk, Gyldendal, 1966)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Andersen, Hadle Oftedal: «Struktur, teikn og Kollisjon i eit dikt frå Obrestads debutsamling», i Ole Karlsen (red): Krysninger. Om moderne nordisk lyrikk (2008)
  • Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 7: Inn i medietidsalderen, 1997
  • Torvund, Helge: Sjelsord. Om terapi, poesi og hypnose (2008)

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg