Hopp til innhold
X
Innhald

Torkel Opsahl

Torkel Opsahl, 1931–93, var jurist med dr.jur.-grad frå 1965. Han verka som professor i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo frå 1965. Opsahl var særleg engasjert i arbeidet med menneskerettane, og var medlem av Den europeiske menneskerettskommisjonen i åra 1970–84, av menneskerettskomiteen i FN i 1976–86, og formann i styret for Institutt for menneskerettar (seinare Norsk senter for menneskerettar) frå 1987 til 1993.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.08.2012
Sist oppdatert: 05.08.2012