Hopp til innhold
X
Innhald

Odd-Bjørn Fure

Odd-Bjørn Fure. Foto: HL-senteret.

Odd-Bjørn Fure. Foto: HL-senteret.

Odd-Bjørn Fure fødd 1942 på Stadlandet. Historikar, professor og forskingsdirektør.

Fure skreiv doktoravhandlinga si utan tidlegare å ha avlagt nokon eksamen i historie. Emnet var den særnorske arbeidarradikaliseringa som skjedde i åra 1910-1920. Vart utnemnt til professor i historie ved Universitetet i Bergen.

I 2002 vart han tilsett som forskingsdirektør for det nyskipa «Senter for studier av Holocaust (jødeutryddinga) og livssynsminoriteters stilling i Norge». Senteret held til i Villa Grande på Bygdøy – Vidkun Quislings bustad under andre verdskrig.

Fure har gjeve ut m.a. «Mellomkrigstid 1920-1940» (1996), «Tilintetgjørelsen av de europeiske jødene» (2002), "Irving-prosessen: Historie, juss og erindring (2002). Redaktør av «Historisk Tidsskrift» frå 2002.

Bror til Julius Fure.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 23.03.2010