Hopp til innhold
X
Innhald

Oddbjørn Jonstad

Oddbjørn Jonstad fødd 1944 i Naustdal, busett i Oppegård. Sivilingeniør og Framstegsparti-politikar. Kom med i kommunepolitkken i Oppegård i 1987. Som lokal partileiar for Framstegspartiet i Oppegård kommune markerte Jonstad seg som ein av dei mest kompromisslause motstandarar av offisiell norsk flyktningepolitikk, og gjorde elles framlegg om at kommunestyret i Oppegård skulle erklærast som ”sosialistfri” sone.

Jonstad vekte stor oppsikt då han gjorde framlegg om at alle asylsøkjarar som innvandra til Noreg måtte internerast i eigne leirar. For dette vart Jonstad ekskludert frå Framstegspartiet. Han skipa då Norsk Folkeparti og deretter partiet nasjonalliansen.

Seinare vart han medlem av partiet Demokratene som vart skipa av den ekskluderte stortingspolitikaren for Frp, Vidar Kleppe. Jonstad har skrive fire lokalhistoriske bøker frå Oppegård og har utarbeidd eit biletleksikon for kommunen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.12.2010