Hopp til innhold
X
Innhald

Ola A. Valaker

Ola A. Valaker fødd 1928 i Utvik. Bonde og byggmeister. Stod i spissen for bygging av Utvikfjellet alpinsenter i 1963, det første store alpinanlegget i Nordfjord. Kring 1990, då dørfabrikken Fjordtre Produkter A/S (no Dooria-konsernet) i Utvik var nær ved nedlegging, fekk Valaker organisert bygdefolket i eit aksjelag som berga fabrikken.

Valaker har vore styremedlem i Fjordtre i mange år, to av dei som styreleiar. Han sat i Stryn kommunestyre som representant for Senterpartiet i to periodar på 1970-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.03.2008