Hopp til innhold
X
Innhald

Ola Braanaas

Ola Braanaas. Foto: Vidar Gudvangen, NRK.

Ola Braanaas. Foto: Vidar Gudvangen, NRK.

Ola Braanaas fødd 1962 på Hamar, oppvaksen i Bergen og busett i Florø, seinare på Svinøy i Gulen. Fiskeoppdrettar. Arbeidde på oppdrettsanlegget til Svanøy Stiftelse før han i 1987 saman med Domstein-konsernet starta Firda Settefisk i Norddalsfjorden. Med kapital frå dette oppdrettsanlegget starta han saman med Gudmun Strømsnes på 1990-talet selskapet Go-Fish, som etter raske oppkjøp vart eit av dei største oppdretts- og setjefiskselskap i landet. På Færøyane fekk dei kontroll over halvparten av oppdrettsnæringa.

Selskapet dreiv også fleire lakseslakteri m.a. i Florø og Davik. I 1997 samla Strømsnes og Braanaas dei fleste selskapa sine i Norway Seafarms. Her gjekk Strømsnes sitt eige Haukå Settefisk med underselskap inn, medan Braanaas sitt Firda Settefisk med underselskap heldt seg utanfor. I 1999 gjekk Norway Seafarms inn i Pan Fish. I tillegg til Firda Settefisk, eig Braanaas også Botnane Fiskeoppdrett i Bremanger og ei mengd oppdrettslegg og eit lakseslakteri i Gulen. Han kontrollerer konsernet gjennom morselskapet Firda Management. Det omsette i 2011 for 488 millionar kroner og hadde eit driftsresultat på 127 millionar.

Braanaas har kjøpt og restaurert den gamle handelsstaden Skjerjehamn i Gulen. Der har han og fått reist ein stor statue av Kong Olav, laga av kunstnaren Knut Steen på oppdrag frå Oslo kommune. Men Oslo ville ikkje ha statuen på grunn av utforminga, og dermed kjøpte Braanaas den.

Skjerjehamn. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Skjerjehamn. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.08.2012