Hopp til innhold
X
Innhald

Ola Drage

Ola Drage fødd 1943 på Stadlandet, busett i Førde. Entreprenør og investor.

Ola Drage fødd 1943 på Stadlandet, busett i Førde. Entreprenør og investor.

Starta i 1970 eiga entreprenør-verksemd i Førde, der han fekk store oppdrag med bustadbygging i samband med etableringa av m.a. Ankerløkken-verftet og sentralsjukehuset.

Ola Drage har seinare også bygd eigne forretningsbygg på til saman 8.000 kvadratmeter i Førde, og eig også eit stort forretningsbygg på Evja i Florø.

Bror til Håkon Drage.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.03.2010