Hopp til innhold
X
Innhald

Ola Larsson Meeg

Ola Larsson Meeg (Qvam)(1782-1844) frå Kvam i Hafslo, busett i Romsdal. Bonde og politikar.

Var bonde og åtte ei tid også gard på Veitastrond og i Sogndal, før han drog til Romsdal og busette seg på Meeg (Mek) i Bolsøy, der fleire haugianarar frå Hafslo busette seg kring 1810. I 1837 fekk han endra gardsnamnet der til Kvam.

Politikar

Stortingsrepresentant frå Romsdal Amt 1836 og vararepresentant 1833.

Kjende søner

Ein son av Ola Meeg var juristen og politikaren Ole Anton Quam (1835-1904) som m.a. vart statsråd og statsminister i Stockholm. Ein annan son var skulemannen Peter Qvam (1822-1907) som skipa Qvams skole i Oslo, og som saman med Bjørnstierne Bjørnson skipa til det første barnetoget i Noreg 17. mai i 1870.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 25.03.2008