Ola M. Hestenes

Ola M. Hestenes (1919-2008) frå Hestenesøyra. Bonde og politikar for Senterpartiet.
Ordførar i Gloppen 1968-1976 og medlem av fylkestinget. Hestenes vart i 1976 den første fylkesordføraren i Sogn og Fjordane etter at ein gjekk over til direkte val av fylkesting. Han sat som fylkesordførar i 12 år.
Hestenes hadde ei rad offentlege styreverv m.a. i kraftselskap og muséumsdrift. Han bygde sagbruk på Hestenesøyra i 1953, og dreiv trelasthandel.
Han samla store mengder lokalhistorisk stoff frå si eiga heimbygd etter at han vart pensjonist.
Soneson av skipsførar «Skippar-Ola» - Ola Mattiasson Hestenes.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 09.03.2009