Hopp til innhold
X
Innhald

Ola Mattiasson Hestenes

Ola Mattiasson Hestenes (1864–1928) frå Hestenesøyra. Bonde og jekteskipper – også kalla «Skipper-Ola» - som var den første i Nordfjord som sette inn motor i jekta si, «Håbet».

Seinare kjøpte han seg stålbåten «Gjegnalund». Denne trafikkerte Bergen-Harstad. Han eigde seinare båten «Brattåsen» som forliste ved Stad. I 1925 rusta han ut båten «Høydal» for kveite- og torskefiske ved Grønland, med mannskap frå Gloppen.

«Høydal» gjekk seinare ned utanfor Nederland. Hestenes er bestefar til seinare fylkesordførar Ola M. Hestenes.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 10.01.2011