Hopp til innhold
X
Innhald

Ola O. Raftevold

Han var styreformann i Nordfjord og Sunnmøre Billag, og mykje nytta i kommunale ombod.

Ola O. Raftevold jr. (1913-1999) frå Hornindal. Hotelleigar og politikar. Raftevold tok over hotelldrifta i 1937 etter faren Ola Martinus Olson Raftevold og stod for ei stor utbygging av Raftevolds Hotel medan han var eigar, m.a. i 1976 med ei ny fløy med 36 rom.

Han var styreformann i Nordfjord og Sunnmøre Billag, og mykje nytta i kommunale ombod.

Sat i fangenskap for motstandsarbeid under krigen 1945.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.02.2011