Hopp til innhold
X
Innhald

Ola Olsson Hjemsæter

Ola Olsson Hjemsæter (1785–1836) bonde frå Røyrvik i Hyen, og stortingsrepresentant 1824, 1830, og 1836. I ungdomen var han underoffiser, og deltok i krigen 1807-1814. Han tok initiativet til å få bygd veg frå Hope og opp til bygdene i vestre Hyen. Vegen var ferdig 1860. Døydde medan han sat på Stortinget.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.03.2008